Lokal | 01. feb. 2012

Fekk for mange prikkar

Ein bilførar blei fotgjengar då han i kveld ikkje stoppa ved stoppskiltet i Lepsøykrysset.

Fekk for mange prikkar
UP under tidlegare kontroll av trafikken i Lepsøykrysset. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. feb. 2012 21:30

Å kjøra prikkfritt kan ha sin verdi, spesielt om UP passar på i Lepsøykrysset.

Onsdag i 18.30-tida stoppa dei ein mannleg bilførar som ikkje stoppa der han skulle, ved stoppskiltet i krysset mellom Halhjemsvegen og Lepsøyvegen, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad.

Bilføraren hadde fem prikkar fr�� før og kom opp i 8 etter dagen synd. Dermed kvalifiserte han til førarkortbeslag.

Onsdag før jul tok UP same mann to gongar for same synd i Lepsøykrysset, i romjula tok dei fire nye vikepliktssyndarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.