Brann og beredskap | 10. aug. 2021

Fekk melding om bål - var velta traktor i full fyr

– Det var heldigvis ikkje fare for spreiing.

Fekk melding om bål - var velta traktor i full fyr
Røyken frå traktorbrannen på Særvoll var synleg på god avstand, som her på Skeie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. aug. 2021 07:48

Måndag klokka 18.50 kom det melding om mogleg ulovleg bål på Særvoll.

Så kom meldingar frå folk som var nærmare, som fortalte at det var full fyr i ein traktor.

– Traktoren låg på sida då vi kom fram. Den var nesten heilt utbrent, men dekka brann framleis godt, fortel Martin Østgulen Svendsen frå Bjørnafjorden brann og redning.

Det har vore tørt lenge, og brannen var rett før dei største regnbygene måndag kveld.

– Det var ikkje fare for spreiing til verken bygg eller terreng, og sløkkearbeidet gjekk greit.

Politiet var også på staden.

– Ingen blei skadd i brannen. Det er framleis ukjent korleis den starta. Vi har oppretta sak, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.