Fekk melding om høg fart på Stord og nestenkollisjon på Os
Politiet fekk tips om ymse køyring i helga. Og ein død katt.


Fredag klokka 12.09 fekk politiet melding om rart køyremønster nær Os sentrum.
– Køyringa skal ha skjedd cirka ti minutt før, ut av Os sentrum. Ein bil skal ha vore nær på å køyra utfor i ein sving. Så skal den ha vore nær kollisjon, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Meldar såg at det var ein eldre mann som køyrde bilen.
Politiet hadde ingen operative tiltak.
Fredag kveld klokka 18.28 fekk politiet melding om farleg køyring på Stord av ein bilist på veg mot ferja til Halhjem.
– Bilen, ein svart Passat, skal ha gjennomført fleire farlege forbikøyringar, og vore mykje opp og ned i fart.
Ferja var venta til land på Halhjem klokka 18.45, men det var ikkje ledig kapasitet til å køyra ut for å kontrollera vedkomande.
Søndag kveld i 23.30-tida fekk politiet melding om ein påkøyrd katt på Lepsøyvegen ved kryss med Skeisflaten.
– Katten er heilt svart. Vegtrafikksentralen overtok oppdraget med å fjerna den.