Politi | 12. feb. 2024

Fekk melding om hund gjennom isen

Brannvesenet rykte ut til Hetleflåten.

Fekk melding om hund gjennom isen
Brannvesenet har vore på isen før, her på Ulvenvatnet for å måla om den var farbar. (Ill. foto/video: Ørjan Håland)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 12. feb. 2024 08:53

Fredag i 17-tida kom det melding om ein hund som hadde gått gjennom isen på Hetleflotvatnet.

– Brannvesenet rykte ut, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Då dei kom fram hadde hunden kome seg opp for eiga maskin.

Laurdag kveld fekk politiet melding om ei anna risikofylt vandring, denne gong ein mann.

– Han skal først ha gått langs E39 ved Lepsøykrysset, og så skal han ha gått midt i vegbanen.

Politiet rykte ut, sjekka vedkomande og sendte han i retning heim, på eit tryggare spor.

Som vi omtalte i går, så hadde UP kontroll på Halhjemsvegen, der dei skreiv ut ni forelegg.

I tillegg var det kontroll på promillekontroll på Hatvikvegen seinare på kvelden. 52 blei sjekka utan at politiet fann noko å reagera på.

Fredag ettermiddag var det promillekontroll på Halhjem ferjekai. Her blei 20 bilistar sjekka, og alle var køyrbare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.