Politi | 11. nov. 2021

Fekk melding om «klin galen mann»

Ropte og skreik utanfor eit hus - gjorde skadeverk på politibil på veg til arrest.

Fekk melding om «klin galen mann»
Mannen blei funnen og pågripen i Os sentrum. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. nov. 2021 12:11

I 03-tida natt til torsdag blei politiet oppringt frå nokon som hadde «ein klin galen mann» utanfor huset sitt.

– Det skjedde på ei sentrumsnær adresse, og dei to har ein relasjon, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem.

– Ein patrulje rykte ut og møtte mannen i Os sentrum.

Vedkomande er ein mann i 30-åra, kjent for politiet frå før. Han var vanskeleg å ha med å gjera, og blir meldt for både forulemping av polititenestemann og skadeverk på politibilen.

Han blei køyrd til Bergen for overnatting i arresten.

Møtte ungdom over eit slag bordtennis

I 16-tida i går ettermiddag var politiet innom Ung Arena, ikkje fordi dei hadde fått melding om frå nokon som trengte hjelp, men for å møta ungdomen.

– Patruljen var der ein time, og spelte blant anna bordtennis med nokre av gjestane.

– Kven vann?

– Det står ikkje noko om det i loggen, så dei gjekk truleg på eit tap.

Påkøyrd hjort og avkilting av bil

I 18.30-tida i går blei ein hjort påkøyrd på Ulvensletta. Hjorten sprang vidare, og viltkontakt blei varsla.

I løpet av gårsdagen blei ein bil avskilta. Bilen mangla EU-godkjenning, og sto parkert i Ervikane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.