Politi | 15. des. 2025

Fekk melding om «lusking» og tjuveri frå bedrift

Politiet fortel om ei ganske roleg helg i Os.

Fekk melding om «lusking» og tjuveri frå bedrift
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. des. 2025 09:17

Måndag morgon klokka 07.46 fekk politiet melding om eit mindre tjuveri frå ei bedrift i Os, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon, utan å skriva kva som er stole.

– Har det skjedd i opningstida til bedrifta?

– Nei, det er varer som sto utanfor. Tjuveriet har truleg skjedd i løpet av natta.

Søndag i 09-tida fekk politiet melding om lusking i ein privat hage nær Os sentrum.

– Det skal ha skjedd i 08-tida. Vedkomande blei ikkje funnen.

Tidlegare søndag morgon, litt før klokka 06, fekk politiet klage på høg musikk frå ei adresse sør for Os sentrum.

– Ein patrulje køyrde ut til adressa og gav pålegg om å dempa musikken.

Laurdag kveld, frå cirka 21.30 til 23.15, hadde UP fartskontroll i 100-sona på E39 i Endalausmarka.

Dei fann ikkje noko å reagera på.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.