Politi | 13 timar sidan

Fekk melding om sykkeluhell, mogleg elsykkel-promille og farleg parkering

Reagerte på parkering på Søre Neset og syklist med 6-pakning på Hatvikvegen.

Fekk melding om sykkeluhell, mogleg elsykkel-promille og farleg parkering
Politiet fekk melding om uforsvarleg parkering i samband med ein fotballkamp på Søre Neset. Foto: Midtsiden (arkiv, 2025)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mai 2026 08:05

Tysdag klokka 20.16 fekkpolitiet melding om ei sykkelulykke i Nedre Varåsen.

– Det skal ha vore ei singelulykke på tråsykkel. Ambulanse overtok oppdraget, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Tidlegare tysdag, klokka 15.55, fekk politiet melding om ein mann på el-sykkel som sykla frå Hatvik ferjekai mot Os.

– Meldar meinte han var til fare for seg sjølv og andre, og skal blant anna ha hatt ein 6-pakning med øl på sykkelen.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å undersøka saka nærmare.

I 18-tida tysdag fekk politiet melding om uforsvarleg parkering ved idrettsanlegget og skulen i Halhjemsmarka.

– Det skal ha vore ekstra mange bilar der, i samband med ein fotballkamp. Nokre av dei var parkert på fortau, så ungar og andre måtte ut i bilvegen for å passera.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å senda patrulje til staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?