Rolv Bjørø Lyssand. (Foto: Den Flittige Maur Produksjoner)

Fekk merksemd i New York - vann pris på BIFF

Rolv Lyssand Bjørø får løn for blodslit, «En annen verden» stakk av med sigeren på BIFF torsdag kveld.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Produsent og regissør Rolv Lyssand Bjørø frå Os har i år ferdigstilt ein kortfilm han sjølv skildrar som eit blodslit.

– Eg har aldri før vore så nær å byta bransje, og sa fleire gongar til meg sjølv «kva er det du held på med?». Det var gjerne galskap å kasta seg over den dyre fantasy-adventure-thriller-sjangeren utan særleg med pengar, i alle fall når du skal gjera alt sjølv, seier Rolv.

• Les òg: Filmen han berre måtte laga (frå innspelinga i 2016)

Men filmen «En Annen Verden» blei ferdig, og den positive merksemda kom frå både inn- og utland.

Nær stor pris i New York

I midten av september blei det kjent at den var einaste nominerte film frå Europa under «StudioFest Festival» i New York.

Premien kunne vore avgjerande for Lyssand si vidare karriere.

– Om eg hadde vunne så hadde eg fått finansiert draumen min, å laga min første spelefilm. Eg vann ikkje, men eg har forstått at eg var svært nær. To av fem dommarar hadde min film som vinnar, i tillegg var eg einaste regissør som blei tatt bort til dommarbordet og stilt ein serie med spørsmål under vurderinga.

Bjørø fekk blant anna spørsmål om korleis han hadde klart å filma undervannsscenene, som er spelte inn i Osbadet, og han var vitne til ivrige diskusjonar om kva som var meininga med filmen.

– Kort fortalt er plottet to kameratar som hamnar i ei anna verd, der den eine må konfrontera sine indre demonar for å redda venen. Men filmen har fleire lag, du skal oppdaga nye ting når du ser den fleire gongar. Filmen har òg surround, den bør sjåast på lerret og med god lyd.

Filmen blir vist i Bergen i dag og på den lokale filmfesten i Solbakkestova i Os i helga.

Det blei ingen pris, men Rolv reiste heim med mykje positivt i bagasjen.

– Filmen fekk merksemd og eg fekk mange gode kontaktar. Fem manusforfattarar var i meg og ville at vi skulle jobba saman, og nokre produsentar godt oppe i Hollywood-systemet viste interesse.

Filmen har òg byrja «å leva sitt eige liv», og Bjørø har fått invitasjonar frå fleire festivalar rundtom i verda.

Til topps på BIFF

Rolv jobbar i Pandora Film i Bergen, og produserer eigne filmar frå Den Flittige Maur Produksjoner.

I år står han, for første gong siden nokre eittminutt-filmar i 2013 og 2014, på programmet under Bergen Internasjonale Film Festival, der «En Annen Verden» òg var nominert til beste kortreiste kortfilm.

– Eg stilte på prisutdelinga utan å venta meg noko som helst, litt matt etter turen til USA, og i ein bransje der du i grunnen kan venta deg mykje slit og få oppturar.

Gleda var desto større då «En Annen Verden» blei ropt opp som vinnar.

– Eg blei veldig glad og rørt over pristildelinga, eg hugsar ikkje ein gong kva eg sa på scenen då eg tok imot prisen, seier Rolv.

– Men eg vil takka alle dei flinke folka som har hjelpt meg, og eg gler meg over å sjå kor bra skodespelarane har gjort det etter at innspelinga var ferdig for to år sidan.

Axel Bøyum, som gjekk vidare til «Heimebane» har blitt tidenes yngste vinnar av Gullruten, også Sebastian André Haugland ser ut til å få fart på karriera si.

På festival i heimbygda i helga

Rolv har vunne prisar før, men meiner denne er ein av dei gjevaste.

• Les òg: Bjørø blant dei beste

I 2014 blei kortfilmen hans, «The last sample», vist før storfilmen Interstellar på Bergen Kino.

– No gler eg meg til Solbakken Salongfestival heime i Os. Det var med WT-gjengen og festivalane i Fjellheim eg fekk den første merksemda for arbeidet mitt, og filminteressa og skaparmiljøet i Os vil alltid vera viktig for meg.

• Les òg: – Gav ein moralsk boost (2010)

Festivalen startar fredag kveld, med vising av Hanne Catrine Andersen sin spelefilm, spelt inn i Mundheim. Laurdag er det barneprogram på dagtid, på ettermiddagen kan du møta fleire regissørar, blant anna Andersen og Bjørø. Då skal òg Bjørø sin prisløna kortfilm visast.

Fleire saker