Sport | 23. nov. 2010

Fekk midlar til ny plan

Kuventræ Idrettspark: Ny kunstgrasbane, nytt friidrettsanlegg og ny tribune er blant det Os Turn vil bruka ferske kroner på å planlegga.

Fekk midlar til ny plan
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. nov. 2010 10:57

Os formannskap løyvde i dag, i tråd med innstillinga frå administrasjonen, pengar til ulike tiltak frå formannskapet sin disposisjonskonto.

Til saman 165.000 kroner blei gjeve til:
Skisseprosjekt Osøyro, sentrumskjernen, 75.000 kroner
Forprosjekt, sentralidrettsanlegg på Kuventræ, kr 75.000
Bokprosjekt, Søfteland krins, 15.000 kroner

- Vi har jobba med planar for vidareutvikling av Kuventræ som sentralidrettsanlegg, og sett på både framtidig drift og eigarstruktur og opprusting av bane og anlegg, seier Tore Moberg.

PS! Skissene til høgre er teikna av Bernt Kristiansen i 2007, og innheld nokre element som ikkje skal stå akkurat der dei er teikna inn (f. eks. kasteburet).

Den tidlegare Os Turn-formannen sit i ei arbeidsgruppe saman med varaordførar Marie Bruarøy (H), Tom Leonsen frå kulturkontoret, Jermund Flaskerud frå idrettsrådet og Kristin Davanger frå friidrettsgruppa i Os Turn.

- Første trinn på bane og anlegg er ny hovudbane for fotball og treningsanlegg for friidrett. Her vil vi henta inn tenester utanfrå for å kvalitetssikra planarbeidet, både når det gjeld grunnundersøking på grasbanen og når det gjeld kva aktivitetar og anlegg området mellom grasbanen og Furulunden kan brukast til.

Graset blir erstatta av kunstgras
Når forprosjektet er ferdig vil det truleg framleis gå noko tid før det er pengar nok til å starta arbeidet med å laga ny fotballbane. Men det som er bestemt er at grasbanen ikkje blir blir erstatta av ny naturgrasbane.

- Dette blei vedtatt i styret for nokre månadar sidan. Det er både fotballspelarar og friidrettsutøvarar som er negative til kunstgras, men vi må tenka framover, seier formann i Os Turn, Håkon André Egeberg Johansen.

- For det første kostar det like mykje å legga nytt gras som å bygga kunstgrasbane, for det andre er det langt lettare å få pengestøtte til kunstgras.

- Men det viktigaste er nok kapasiteten, at éin av tre banar ligg mørk og ubrukt nesten heile året, bortsett frå nokre a-lags-kampar annakvar laurdag sommarhalvåret, er ikkje effektiv bruk av området for dei mange medlemmane våre.

• Dagens grasbane er 64 meter brei og 103 meter lang.
• Ny bane blir 68 meter brei og 105 meter lang (god nok for Adecco/Tippeliga)

- Eit godt treningsanlegg
Frå 2002 til 2009 har det skjedd mykje på Kuventræ. To kunstgrasbanar har kome, takka vera rause pengegåver frå Trond Mohn, i tillegg er ny driftsbygning og ny tribune på plass.

Osbadet, skatebane, sandvolleyballbane og musikkbinge er også del av området mellom Kuventræ skule og Oshallen.

Eit viktig arbeidsdokument for gruppa er «Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet», som utrykk eit klart politisk mål om at Kuventræ skal vera sentralidrettsanlegget i kommunen.

- Friidrettsforbundet er ikkje nøgd med at vi vel kunstgras, dei ser heller at vi bygger noko som liknar på Fana Stadion, så det blir eit sertifisert anlegg for friidrettsstemne. Men vi har i staden sett nærmare på ei løysing som Kvåle idrettslag i Sogndal held på med, der kastefelt for spyd blir lagt ved sida av banen. Dei får eit veldig godt treningsanlegg, seier Moberg.

Friidretten får blant anna seks nye løpebanar, hoppefelt og fleire andre nye treningsfelt, men eit samla hovudstyre i Os Turn, inkludert friidrettsgruppa, går no for kunstgras.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.