Sport | 06. des. 2012

Fekk møta helten Henning

Mange kom for å treffa rallyførar Henning Solberg på AMFI Os i dag. Men var det nokon som slo han i playstation?

Fekk møta helten Henning
– Eg måtte berre treffa Henning, eg har følgt karriera hans så lenge eg kan hugsa, seier Bettine Wiik. Bård Trøhaugen frå Carglass held t-skjorta. (Foto. Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. des. 2012 21:48

Hurtigruta Carglass, selskapet som har vore ein viktig støttespelar for rallybrørne Petter og Henning Solberg frå start, har som kjent nyleg overtatt Bilglass Bergen, som har avdeling i Os.

I dag markerte dei nyetableringa med stunt på Amfisenteret.

– Vi har ofte sånne aktivitetar rundtom og no var det naturleg å ta Henning med seg og utfordra osingane, seier Bård Trøhaugen frå Carglass-kjeden.

– Det er få som slår meg i dette spelet, skyter Henning inn.

Blei slått av 12-åring

Rallyføraren synes WRC 3 (World Rally Championship) er eit svært realistisk spel.

– Likevel var det ein 12-åring som slo han i Haugesund, ler Bård.

– Han hadde fått mora til å kjøra han 10 mil for å møta Henning, dei to spelte fleire timar etter at vi hadde pakka saman standen, og 12-åringen sto igjen som vinnar.

Ingen frå Os slo Solberg

I Os kjørte Henning banen Portugal SS1 på tida 2.03.00. Publikum fekk prøva frå klokka 15 til 18, på storskjerm med plenty med lyd, og beste tid blei drygt 20 sekund seinare.

– Folk i fleire aldrar prøvde seg og det var ein mann i 20-30-åra som hadde beste tid. Han fekk 1000 kroner i gåverkort på Amfisenteret i premie.

For andre var det nok berre å treffa Solberg.

– Eg måtte berre helsa på han. Eg har følgt karriera hans så lenge eg kan hugsa, seier Bettine Wiik, nøgd med nysignert t-skjorte.

Kjem tilbake

I tillegg til playstationkonkurransen demonstrerte Hurtigruta Carglass reparasjon av steinsprutskade.

– Vi kjem til å koma tilbake med aktivitetar på Os, i lokalet vårt i senteret. Om det passar sånn blir Henning med neste gong òg, seier Bård Trøhaugen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.