Lokal | 01. juli 2015

Fekk parkeringsbot i Øyane

I går var parkeringsvakten til Os kommune på tokt - i fire nabolag på god avstand frå Os sentrum. Det er det ikkje alle som er nøgd med.

Fekk parkeringsbot i Øyane
Her, på den tidlegare snuplassen på Bruarøy, var det tysdag to som fekk gebyr. Bildet er tatt før Ausekarane-konserten søndag og personane og bilane på bildet har ikkje noko med gebyret å gjera. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juli 2015 10:36

Han trudde nærmast det var ein spøk, mannen som i går fann ein gul lapp på bilen han hadde parkert på Bruarøy.

– På denne plassen har det i alle år stått bilar i korte periodar, anten det har vore gjestar eller andre som har hatt bruk for ein plass å stå nokre timar, fortel innringaren til Midtsiden.

– Eg kan heller ikkje forstå at det ikkje skal vera lov å stå her. Ikkje er det skilta og ikkje står bilane i vegen for nokon. Det er ein busshaldeplass ved sidan av, men den blir ikkje brukt på same måte som før, då den var snuplass. Bussen stoppar alltid midt ute på plassen her og er ikkje hindra av dei parkerte bilane.

8 gebyr i 4 nabolag

Teknisk sjef Marianne Kramer fortel at det i går blei skrive gebyr fleire stadar i Os.

– Vakten var i Oshaugen, på Søfteland, i Varåsen og på Bruarøy.

– Det blei skrive i alt åtte gebyr, to av dei på Bruarøy i Øyane.

Ingen alternativ?

Kramer seier bakgrunnen for inspeksjonsrunden var at både innbyggarar og Skyss har tatt kontakt og varsla om problemområde.

– Skilt må respekterast om vi skal sikra framkomst og tryggleik.

Der det ikkje er skilta gjeld likevel generelle trafikkreglar, som blant anna fortel kva avstand du for eksempel skal ha til kryss, fotgjengarfelt og busstopp.

– For det første synest eg dei kunne kome med ei åtvaring om dei har eit område dei meiner det er problem med ulovleg parkering, for det andre lurer eg på kvar dei meiner gjestar i Øyane skal parkera, seier mannen som fekk gebyr.

– Det er sjeldan det går bussar ut her, kvar er det planen at folk skal parkera? undrast han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.