Lokal | 26. jan. 2018

Fekk posisjonen til å snu

Posisjonen sa likevel nei til ni naust i Bjoarvika på Drange.

Fekk posisjonen til å snu
Trine Lindborg (Ap) fekk Gustav Bahus (Frp) og resten av posisjonen til å snu i spørsmålet om å gje dispensasjon til ni naust i Bjoarvika på Drange (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. jan. 2018 10:47

I november sa plan- og bygningsutvalet med Frp og Høgre sine fem røyster ja til ei naustrekke med kaifront på ni naust i Bjoarvika på Drange.

Dette likte fylkesmannen dårleg og klaga på vedtaket.

– Fylkesmannen held fast på si vurdering frå høyringsrunden, og klagar på det grunnlaget på vedtaket til plan- og bygningsutvalet i sak 143/2017. I tillegg har vi følgjande supplerande vurderingar som støttar opp under ein klage: Gjeldande kommuneplan er etter gamal plan- og bygningslov, og tar dermed ikkje opp i seg innstraminga i strandsonevernet. I dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona ligg Os inne som kommune med stort arealpress. Dette krev ein restriktiv praksis i strandsona. I denne saka er det ikkje lagt inn restriksjonar, og det er heller ikkje vurdert alternative løysingar.

Vil ha reguleringsplan

I den første handsaminga vurderte fleirtalet i utvalet at ein reguleringsplan i seg sjølv ikkje ville føre til eit betre beslutningsgrunnlag. Også dette var fylkesmannen usamd i.

– Ved å lage ein samla plan for naustområdet ville det vore mogleg å finne ein god balanse mellom ei utbygging til naustføremål, samtidig som viktige kvalitetar i strandsona hadde blitt sikra. Omfanget og konsekvensane av ei utbygging hadde blitt grundigare vurdert, heiter det i klagen frå fylkesmannen.

– Skal ein bygga naust, kjem ein fort borti sjøen

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak var at ein opprettheldt vedtaket frå november, men administrasjonen hadde også utarbeidd eit alternativt vedtak kor ein gjorde om vedtaket frå sist og sa nei til dispensasjonssøknaden.

– Eg ønskjer å fremje det alternative framlegget, som også er det opprinnelege frå administrasjonen, innleia Trine Lindborg (Ap).

– Vi diskuterte saken då klagen kom. Vi har to tilsvarande saker på Lekven. Tiltaka er i naustområder i arealplanen, men så er det dette med tiltak i sjø. Når du skal laga eit naust nede ved sjøen, så har det lett for at du kjem borti sjøen på ein måte, kommenterte Gustav Bahus (Frp) før han drog opp spørsmål om det hadde vore betre om saka var delt i to, ein for nausta og ein for kaifronten.

Kjem ikkje til å få det gjennom

Lindborg svara med å peike på at fylkesmannen har etterlyst reguleringsplan både i denne saka og i andre tilsvarande saker.

– Andre tiltakshavarar har laga reguleringsplan og fått det gjennom. Dette handlar ikkje om at vi ikkje meiner at dei ikkje skal få lov å bygga naust der det skal vera lov, men korleis vi kan få det til.

Ho fekk støtte frå kommunalsjef Aina Tjosås.

– Vi har fått ei heilt klar tilbakemelding frå fylkesmannen at naust krev reguleringsplan. Vi kjem ikkje til å få desse sakene gjennom, sjølv om det er satt av til naustformål i arealplanen, kommenterte Tjosås før Ove Frotveit (Frp) ba om eit gruppemøte.

Snudde i gruppemøte

Etter gruppemøte kom Bahus med følgjande tilbakemelding.

– Eg tenkjer vi prøver strategien 9-0 (samrøystes PBU, journ.mrk), forutsatt at oposisjonen held på det alternative framlegget, sa Bahus som då hadde snudd i saka.

Det alternative framlegget blei som Bahus forutsatte vedteke samrøystes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.