Fortidsminneforeningen Os lokallag, Os Sogelag og Stiftinga Lyngheim fekk årets Kulturminnedagspris. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk pris og 30.000 kroner

I konkurranse mot over 300 andre stakk Os av med årets Kulturminnedagspris.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Styret i Norges Kulturvernforbund har tildelt årets Kulturminnedagspris til Fortidsminneforeningen Os lokallag, Os Sogelag og Stiftinga Lyngheim for arrangementet «Rosemåling og andre handverkstradisjonar i Os».

–  Os sitt arrangement står godt til årets tema for Kulturminnedagane, «typisk norsk – ikke bare norsk». Rosemåling er internasjonal og miljøet i Os er med på å spreia kunnskap om Osroso ut av landet. Seinast i sommar blei det halde kurs for eit reisefølgje frå USA.

• Les òg: Stadig fleire Osroser i USA

– Tre gode lokallag har samarbeidd om arrangementet, sa styremedlem i Kulturvernforbundet, Marianne Nielsen.

Prisen skulle gå til det arrangementet, eller som i Os; ein serie av arrangement, best har oppfylt Kulturminnedagenes målsetnad om «å tilgjengeliggjøre kulturminner for allmennheten og bidra til å skape forståelse og interesse for kulturminner og kulturmiljøer.»

Nytt samarbeid

Ingebjørg E. Astrup tok imot prisen som representant for arrangørene, men hadde alle lokallaga med seg på «scenen» i den eine stova på Lyngheim.

– Det er spesielt hyggeleg å få denne prisen når det er første gong vi har valt å samarbeida om eit arrangement som dette, seier Ingebjørg.

Astrup er tidlegare fylkeskultursjef og tidlegare kultursjef i Os. No er ho styreleiar i Fortidsminneforeningen.

Deler arva vidare

Kulturminnedagane i Os opna med rosemalarutstilling og lansering av Osroso-strikk førre helg. I går var det kurs for born, prisutdeling og foredrag av Nils Georg Brekke.

– Vi hadde over 20 ungar på kurs her. Det kom fleire enn eg hadde trudd, og fleire som ikkje var påmeldt på førehand, så eg måtte ringa til Torunn, seier kurshaldar Hjørdis.

Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund fekk ekstra merksemd under prisutdelinga i går. Dei er dei fremste rosemalarane frå Os i dag, men deler heldigvis kunnskapen sin med andre.

Også Torolf Juvik, som held Lyngheim ope, og varaordførar Laila Reiertsen, som med sin idé og gjennomføringskraft førte til strikkeoppskriftene Osroso frå Dale Garn, fekk bukett.

Dagen heldt fram med foredraget «rosemålartradisjonen i eit europeisk perspektiv» ved Nils Georg Brekke.

• Les òg: Selte 100 eksemplar av 12 år gamal rosemålarbok

Dette skriv pristildelar om årsaka til at Os fekk prisen: Kulturminnedagene på Lyngheim har på en god måte vektlagt årets tema «Typisk norsk – ikke bare norsk» gjennom utstillinger, foredrag, rosemalingskurs for barn og nylansering av strikkedesign med utgangspunkt i Os-rosa. Historisk sett har det vært et rikt rosemålingsmiljø i Os fra slutten av 1800-talet. Dagens tradisjonsbærere henter inspirasjon fra tidligere tider, og formidler kunnskapen til nye generasjoner. Dette formidlingsarbeidet løfter samarbeidsgruppa bak Kulturminnedagene frem på en god måte gjennom å inkludere næringslivsaktører som bruker det tradisjonsrike mønsteret på nye måter og introduserer tradisjonshåndverket til barn gjennom rosemalingsverksted. Det gode samarbeidet mellom kulturavdelingen i Os kommune og de frivillige lagene bidrar også til at dette blir et fantastisk arrangement for lokalbefolkningen.

Fleire saker