Kultur | 04. juli 2017

Fekk rolle i Hanne sin spelefim

I går starta innspelinga - her er skodespelarane Hanne Catrine Andersen engasjerte etter casting i Oseana.

Fekk rolle i Hanne sin spelefim
Oppe f.v.: Emilie, Fatima, Jonny og ekteparet Silje og Jon. Nede: Marie, Håvard, Kristina og Isabel.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. juli 2017 12:23

Bildeserie:

Manusforfattar og produsent Hanne Catrine har hovudrolla. (Foto: KVB)
Manusforfattar og produsent Hanne Catrine har hovudrolla. (Foto: KVB)
1 av 1
Manusforfattar og produsent Hanne Catrine har hovudrolla. (Foto: KVB)

I mai fortalde vi om Hanne Catrine Andersen sitt store filmprosjekt; full spelefilm på eige manus.

«Young and alone» var nær på å få støtte frå eit større selskap, men må greia seg med lokale sponsorar.

– Vi klarer likevel å gjennomføra, takka vera Os kommune, bedrifter, privatpersonar og hjelpsame venar, sa Hanne Catrine til Midtsiden før helga.

Selskapet hennar, Raggsokk Productions AS, fekk 30.000 kroner i støtte frå Os kommune.

I går starta innspelinga, som i hovudsak skjer på familien sin gard i Kvam, men òg med fem innspelingsdagar i Os.

Og det var i Os ho fann dei resterande skodespelarane, etter casting i Oseana 10. juni.

Fann åtte kandidatar

Regissør kjem over frå USA, og er ei kvinne Hanne Catrine har jobba med på ein film før. Dei fire hovudrollene går til Hanne, kusina Isabel Furhovde og to skodespelarar frå USA. På castinga i juni såg Hanne etter skodespelarar til yttarlegare åtte roller.

– Det var ekstremt mange interesserte, både som møtte fram i Oseana og som tok kontakt frå andre delar av landet. Vi leita lokalt først, men nokre av dei som kjem frå andre landsdelar blei inviterte til å senda inn video av seg sjølv.

Mange av dei interesserte var born, det var òg stor interesse for rolla som Olav, ein vaksen mann.

– Eg organiserte castinga, men det er regissøren som har bestemt kven som fekk rollene. Derfor var det litt morosamt at, i konkurranse med fleire frå andre landsdelar, var det musikar Håvard Skaatun som stakk av med rolla som Olav.

Nokre av rollene er små, som servitørar på ulike restaurantar, andre er større. Både amatørar og erfarne teaterskodespelarar har fått roller i filmen.

Sjå lista under.

Treng ikkje fint vêr

Dei neste 20 dagane bur det 15 personar på garden nær Mundheim for å spela inn det 90 sider lange manuset.

– Garden var klar i god tid, no er vi spent på innspelinga. Det er nokre utescenar, så vi håper vi får nokre dagar med opphaldsvêr. Men vi har ikkje behov for skyfri himmel, det er ei ganske mørk historie.

Det er Armstrong Lian hos Pandora Film, som og filma Hanne sin kortfilm The Chase (manglar lyddesign og har ikkje hatt premiere), som har fotoansvar for filmen.

Hanne Catrine har testa manuset på åtte ulike korrekturlesarar og det er 11. utkast det no blir film av.

Dei som fekk rolle i filmen

Emilie Sofie Johannesen: Speler Vivian, venninne av hovudrollefiguren (som blir spelt av manusforfattar).

Håvard Skaatun: Olav.

Isabel Furhovde: HC har skrive ei rolle til kusina si, som har drive med teater i fleire år.

Silje og Jon Vangdal Aamaas: Ekteparet fekk roller som servitørar på Er-An Veikro.

Jonny Bjørkhaug: Speler Geir, far til Vivian.

Kristina Bauge Telle: Speler hovudrollefiguren som born.

Marie Persson: Speler mor til hovudrollefiguren.

Fatima Revne: Speler servitør på Oseana Kafé og Restaurant.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.