Fekk seg eit løft i arbeidsveka

Vi har snakka med fire av ungdomane som denne veka får prøva seg i arbeidslivet.

Aksel jobbar for Rokne Elektro AS. Her er han i lift for å sjå Jan Kristian Rokne skifta lys på Plantasjen. (Foto: Isac Herland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. apr. 2019 14:10

Bildeserie:

... og Marthon. (Foto: Isac Herland)
Aksel har arbeidsveke hos pappa Jan Kristian. (Foto: Isac Herland)
Eirik er hos Meny. (Foto: Isac Herland)
Der har han selskap av Mandor. (Foto: Isac Herland)
... og Marthon. (Foto: Isac Herland)
Aksel har arbeidsveke hos pappa Jan Kristian. (Foto: Isac Herland)
1 av 4
Aksel har arbeidsveke hos pappa Jan Kristian. (Foto: Isac Herland)
Eirik er hos Meny. (Foto: Isac Herland)
Der har han selskap av Mandor. (Foto: Isac Herland)
... og Marthon. (Foto: Isac Herland)

Tekst og foto: Isac Herland, på arbeidsveke hos Midtsiden

Denne veka er elevar ved niande trinn på Nore Neset ungdomsskule ute i arbeidslivet.

Hos Midtsiden har eg fått i oppdrag å intervjua nokre av elevane, og eg møtte tre av dei på Meny i Industrivegen, og éin på Plantasjen, på oppdrag i elektrobransjen.

Vi har spurd dei fire elevane kvifor dei valte denne arbeidsstaden, kva oppgåver dei gjorde eller fekk delta i og om dette var ein jobb dei kunne tenkja seg i framtida.

Aksel Gylløw Rokne
Arbeidsstad: Rokne Elektro AS

– Eg valte denne jobben fordi eg lurde på korleis det er å vera elektriker. Eg har fått vore med på mange forskjellige ting, blant anna å køyra lift for å skifta utelys.

– Dette er kanskje ein jobb eg kunne tenkt meg i framtida, men eg er ikkje heilt sikker, seier Aksel.

Eirik Nordfonn
Arbeidsstad: Meny i Industrivegen

Eirik seier han var lurde på korleis det er å jobba i daglegvarebransjen, i tillegg bur han i nærleiken.

– Eg har jobba mest med å plassera frukt ut i butikken.

– Det er ganske interessant å jobba i butikk, og eg kunne gjerne tenkt meg å jobba her i framtida òg.

Mandor Stålhem
Arbeidsstad: Meny i Industrivegen

Mandor valte Meny fordi stemora jobbar der.

– Eg hjelper til med å få varer på plass, å resirkulera plast og å hjelpa kundane med å finna varer som dei leiter etter.

Han seier han kunne tenkt seg å jobba på Meny, som ein start, seinare i ungdomstida.

Marthon Bahus
Arbeidsstad: Meny i Industrivegen

– Sidan eg var liten har eg lurd på korleis det var å jobba i butikk, seier Marthon om kvifor han valte Meny.

Han har rydda plast på lageret og varer i hyllene.

– Kunne du tenkt deg å jobba her seinare i livet?

– Ja, kanskje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.