Næringsliv | 13. juli 2012

Fekk selt før ferien

I juni var det salsstart på 32 tomter på Halhjem og 18 husvære i Hjellemarka. I begge områda var det sal før ferien.

Fekk selt før ferien
Steinar Jensen (t.v.) frå Bøe & Lepsøy Utbygging og Ottar Randa frå Os Bygg og Eigedom er nøgd med salsstarten på Søfteland og Halhjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. juli 2012 06:51

Sjølv om Block Wathne, som er den første av dei tre store utbyggarane i det nye feltet i Hjellemarka, har selt godt, ser Bøe & Lepsøy Utbygging AS for seg at det kjem til å ta litt tid å koma i gang med det første av deira ni komande trinn i terrenget innanfor.

Les òg: 180 nye hus på Søfteland

– Området er fint, men det er nytt og ligg litt skjult for dei fleste. Vegen har kome, og sjølv om den ikkje får asfalt før i september så er det ein del som har tatt den i bruk for å gå og sjå på tomtene vi la ut i juni, seier dagleg leiar Steinar Jensen.

Han er nøgd med starten i det første byggetrinnet, det dei sel 18 husvære.

– Éin er selt, ein annan kjøpar var nær kontraktskriving då eg reiste på ferie. I tillegg har vi 5-6 interesentar som kanskje tar ei avgjerd i løpet av ferien.

Høg aktivitet på Halhjem

Andre av tre trinn i Halhjemsmarka 3 blei også lagt ut for sal i juni. I førre trinn er det selt 15 av 21 tomter og det eine tett-låg-feltet at 12 selte husvære som det snart er innflytting i.

I andre trinn skal det seljast 28 einebustadtomter, 3 tomter for tomannsbustadar og éi tomt for inntil eit samla byggeareal på 2200 kvadratmeter i tett-låg.

Les òg: Nærmare svaberga på Bjørnen

– Vi hadde 4 sal første dag og merka høg aktivitet før ferien.

– Vi har fått mange telefonar og epostar sidan vi la desse fine tomtene ned mot Bjørnefjorden ut for sal og reknar med å få hektiske dagar når ferien er over, seier administrerande direktør Ottar Randa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.