Kultur | 26. feb. 2013

Fekk signatur-gitar

Gitartalentet Hans-Marius Johnsen (16) ser framleis etter bandmedlemmer. I mellomtida får han stadig feitare gitarar å spela på.

Fekk signatur-gitar
Hans-Marius Johnsen med den nye signatur-gitaren. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. feb. 2013 21:47

Hans-Marius Johnsen har utmerkt seg i musikarmiljøet i Os og Bergen, og blei i haust overraska med stipend på 10.000 kroner frå Osøren Blues & Jazzfestival.

Les òg: Med kjærleik til lyden

For stipendet kjøpte han seg pedalar og ein Fender Stratocaster-gitar. Men han hadde pengar igjen, og har vore flink til å spara, og i vinter var ein Gibson Les Paul som freista.

– Gitaren kosta 18.000-20.000 kroner, men 4sound Hagstrøm Bergen kom med eit raust tilbod. Dei gav meg ein solid rabatt som ei lykke til-helsing, i tillegg fekk dei gullsmeden i nabolokalet til å sponsa med dekor, seier Hans-Marius nøgd.

Resultatet blei ein lekker Gibson Les Paul C Custom Gold Top signatur-gitar med initialane HMJ i sølvskrift.

– Det er utruleg motiverande å bli støtta på denne måten, og å stadig få rusta opp instrument-parken, seier 16-åringen.

Vil til USA

Hans-Marius går på elektrofag på Austevoll vgs og vil gå vidare innan automatikk og seinare søkja lærlingplass som ROW-pilot (offshore, drilling, red mrk).

– Eg har fleire mål innan musikken, men tar utdanning parallelt. Hovudmålet er å ta ei musikkreise til USA om 3-4 år, når eg er ferdig med læretida.

– Der vil eg prøva å få plass på Musician Institute i Hollywood, som eg trur er ein fantastisk plass å få vist seg fram.

Band og festivaloppdrag

Fram til ei eventuell USA-reise blir det øving og søk etter bandkameratar for unge Johnsen frå Os.

– Det er ikkje lett å finna folk å laga band av, musikarar med liknande ambisjonar og tid til å øva saman.

– Men eg held fram med å leita.

I mellomtida blir det øving og øving, og opplasting av ei og anna låt på nett.

Under ser du Hans-Marius spela Comfortably Numb Solo Pulse (cover):

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.