Lokal | 11. sep. 2018

Fekk skjenkeløyve for brennevin

«Vaksen-versjonen» av Empire treng heller ikkje endra aldersgrensa.

Fekk skjenkeløyve for brennevin
Empire skal skifta namn før dei opnar igjen. No ligg utvida skjenkeløyve klart. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. sep. 2018 20:25

I midten av august fortalde Empire- og Catten-eigar Bjarte Andersen at marknaden for satsing på dei yngste vaksne ikkje stor nok, og at han vil endra konsept for Empire, som til no har hatt 18-årsgrense.

Han har halde Empire stengt sidan slutten av juli, med unntak av eit livearrangement i august, og har framleis stengt.

Som del av førebuingane til endring av satsinga har Empire søkt om skjenkeløyve klasse 3 (brennevin) og nattklubbløyve.

Fekk ja i dag

Nattklubbløyve er førebels uavklart, men i møte i Os formannskap i dag blei skjenkeløyve innvilga utan diskusjon eller kommentarar.

– Det var gledeleg nyhende, seier Bjarte Andersen, som ikkje visste om vedtaket før Midtsiden tok kontakt i kveld.

– Det betyr at vi kan jobba vidare med planane for endra drift. Uteplassen skal skifta namn, og fleire andre forhold skal på plass før vi opnar. Det vil ta rundt éin månad til.

– Fram til då held vi stengt, med unntak av visse arrangement, som no til helga, når vi skal ha ølkurs.

Over eller under 25 år?

I søknaden skriv Andersen at årsaka er endring av konsept med ny aldersgrense 25 år, og satsing mot dei frå 30 år og opp. Lensmannen, som alltid blir høyrd i slike saker, svarer at så lenge aldersgrensa blir løfta til 25 år så vil han ikkje stritta imot at det blir servert brennevin.

Administrasjonen i Os kommune mjuka det heile opp:

«Administrasjonen vurderer at det blir for strengt å stille vilkår om ei nedre aldersgrense. Dei andre skjenkestadene i Os, som har skjenking i klasse 3, har ikkje eit slikt vilkår knytt til sitt skjenkeløyve. Ein vurderer derfor at det vil vera usakleg forskjellsbehandling å stille eit strengere vilkår for Empire» skriv dei i kommentar til tilbakemeldinga frå lensmannen.

Dette blei lagt til i innstillinga frå administrasjonen, som blei samrøystes vedtatt i dag:

Os kommune gjev Empire Os serverings- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i klasse
3 (brennevin), alle dagar frå kl 22.00 til 03.00 så sant bruksendring til nattklubb blir godkjent. Inntil bruksendring er godkjent kan Empire skjenka i klasse 3 fram til klokka 02.00.

Administrasjonen la òg til at dersom Empire etterkvart ønskjer å ha ope for 18-åringar likevel, for eksempel på ein vekedag, så har dei sjølv ansvar for å sjå at ingen under 20 år får servert brennevin. Det står derfor ikkje noko om aldersgrense som vilkår anna enn at øvre aldersgrense på 25 år må fjernast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.