Vito Wormgoor og Ruben Kristiansen tok seg god tid til å svara på spørsmål då dei vitja Kuventræ onsdag (foto: Andris Hamre)

Fekk spela med Brann-heltane

Brannstjernene Ruben Kristiansen og Vito Wormgoor stilte sporty opp til fotballkamp då dei vitja Kuventræ.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Hundre ungar deltek desse dagar på Os Fotball sin fotballskule på Kuventræ. Onsdag fekk dei storfint besøk då Brannkaptein Vito Wormgoor og venstreback Ruben Kristiansen tok turen innom. 

Etter først å ha blitt samla på midtbanen, kor ungane fekk stille spørsmål til stjernene og ikkje minst få autografkort frå dei to, stilte Wormgoor og Kristiansen sporty opp på ein liten fotballkamp mellom ungane og brannspelarane forsterka av instruktørane på fotballskulen.

– Ruben har ein strekk, så han står i mål, fortalte Marius Mikkelsen før kampen starta.

Brann vinn serien

Under spørsmålseansen var spørsmåla mange og gode frå ungane. Mellomanna måtte spelarane svara på kor mange mål dei hadde skåra og om dei kunne visa nokre triks.

– Vi er forsvarsspelarar, så vi driv ikkje med triks. For oss handlar det om å få kontroll på ballen og få den vekk, svara Kristiansen med eit smil, som likevel viste at også forsvarsspelarar kan triksa.

På spørsmål frå Mikkelsen var ikkje ungane i tvil.

– Kjem Brann til å vinna serien?

– Jaaaaa, var det tydelege svaret.

God kok

Fotballskulen på Kuventræ starta tysdag og held fram til torsdag.

– Vi har hundre påmeldte, men det har vore litt til og frå med sjukdom og anna. Likevel er det god kok heile dagen.

– Instruktørane har vi henta frå A- og B-laget på herresida og frå damelaget. Vi har også med nokre frivillige trenarar og ikkje minst Ørjan Sandal til å styre det heile, fortalde Mikkelsen.

Brann sine spelarar vitjar denne veka heile 28 fotballskuler i Bergensområdet. Wormgoor og Kristiansen skal i tillegg til å vitja Kuventræ også ta turen til Søre Neset og Kalandseid.

Fleire saker