Lokal | 25. apr. 2017

Fekk termokikkert i gåve

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.

Fekk termokikkert i gåve
Korpsleiar Atle Vågstøl med den nye termokikkerten som i følgje reklamen skal kunne sjå varmen frå eit menneskje på 1800 meters avstand (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 25. apr. 2017 08:02

I februar skreiv vi om Røde Kors som fekk ein ATV med tilhengar av Fløysand Invest med vener for å lettare kunne koma seg ut i terrenget når dei blir kalt ut på ettersøk.

I samband med omtale av ATV-en fortalde leiar i Os Røde Kors Hjelpekorps, Atle Vågstøl, at det neste dei ønskte seg var ein varmesøkande kikkert til bruk i søk etter sakna.

– Greig foundation stilte opp og gav oss 28.500 kroner til innkjøp av eit termisk kamera. Ifølgje reklamen skal vi kunne sjå menneske på 1800 meters avstand med denne, men eg vil nok tru at 1000 meter er meir realistisk.

– Dette vil vera eit veldig godt hjelpemiddel for oss når vi blir kalt ut på søkeoppdrag, seier Vågstøl.

Testa det på Varafjellet

Førebels har ikkje kikkerten blitt nytta på reelle oppdrag, men hjelpekorpset har fått testa det litt.

– Vi har leika oss litt med det. Her ein kveld etter at det blei mørkt sendte vi ein mann bort i Varafjellet (haugen mellom Industrivegen og Øvre Varåsen).

– Vi såg han ikkje med det blotte auge, men med kikkerten kunne vi sjå han medan han gjekk oppover lia. Då sto vi berre rett utanfor døra her på Røde Kors Huset, vel 300 meter unna, fortel Vågstøl.

Tryggare for osingane

Brannsjef og beredskapssjef Stein Gjøsund er glad for at Røde Kors stadig styrkar utstyrsparken og kompetansen.

– Det er betryggande at Røde Kors byggjer opp utstyrsparken og kompetansen sin. Dei er viktige bidragsytarar som politiet kaller ut når vi får ein søke-situasjon, seinast no 2. påskedag.

– Vi har sjølv IR-kameraer i brannvesenet som blir nytta av røykdykkerane når dei søkjer i røykt fylte rom. Desse nyttar vi òg i søke oppdrag både til lands og vatn. Vi fann mellom anna ein mann innimellom noko siv på eit søk i ferskvatn her tidlegare.

– Det at Røde Kors no også får termisk kikkert er med å styrka tryggleiken i Os ytterlegare, seier Gjøsund.

Fikk fiksa båten

I tillegg til den nye kikkerten, har hjelpekorpset også fått fiksa gummibåten sin, slik at dei er enno betre rusta til søk i strandsona.

– Båtens Beste har hjelpt oss med å få tetta den, slik at den no held på lufta igjen.

– Saman med at vi sist helg hadde to mann på kurs i vannredning i helga er vi no godt rusta til søk også i strandsona og på vatn, avsluttar Atle Vågstøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.