Kultur | 15. mars 2018

Fekk tips frå idolet

Fiolinelevane på kulturskulen fekk gode tips frå Fionnula Sherry i Secret Garden.

Elevane sat pent og venta på fiolinstjerna. Det var ikkje heilt lett å vite kva ein skulle spørje Fionnula Sherry om (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. mars 2018 17:56

Bildeserie:

Sjølvsagt stilte ho opp på gruppebilde saman med elevane og lærar Bente Borghild Hauge (foto: Andris Hamre)
1 av 1
Sjølvsagt stilte ho opp på gruppebilde saman med elevane og lærar Bente Borghild Hauge (foto: Andris Hamre)

I kveld speler Secret Garden for omlag 300 tilhøyrarar i Oseana. Ei lite gruppe unge jenter vil nok følgje ekstra nøye med på fiolinist Fionnula Sherry etter at dei, berre ein liten time før konserten fekk eit eksklusivt møte med den irske fiolinisten i foajeen.

Til fiolinelevane på Os kulturskule kunne Sherry fortelja at ho byrja å spele fiolin som åtte åring.

– Speler du andre instrument òg, undra elevane.

– Eg har prøvd piano, men eg er forferdeleg dårleg og speler stygt, innrømma Sherry som heller ville halde seg til fiolinen.

Øv mykje

Nokre gode råd med på vegen fekk elevane, kanskje ikkje av det mest overraskande slaget.

– De må øva masse, kvar einaste dag. Når eg førebur meg til ein turné som dette så øvar eg fire fem timar kvar einaste dag.

– Er ikkje det slitsomt, undra dei unge jentene.

– Jo, det er det, innrømma artisten.

– Men det må til. Det finst ikkje nokre snarvegar. Ein må berre øva og øva.

– I dag klarte eg å øva utan å sjå på notene, fortalte ei av dei yngste.

– Det er kjempebra. Lærer du deg musikken uten å sjå på notene, så speler du med hjartet. Då kjem musikken innanfrå, svarar ei begeistra Fionnula Sherry.

Kjempegøy

Elevane hadde med fleire gåver til artisten.

– Tusen takk, så kjempehyggeleg. Kan eg få lov å dela snopet med bandet, undra Sherry før ho måtte gå og førebu seg til konserten.

Og det fekk ho sjølvsagt lov til.

– Det var kjempegøy, men eg skjønte ikkje alt ho sa. For ho snakka berre engelsk, fortalde ei av dei yngste jentene.

I fiolinklassa på Os kulturskule er elevane frå åtte til tjue år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.