Politi | 09. mai 2023
Fekk tips om bilførar som lukta alkohol
Fann bilisten igjen og tok han med for blodprøve hos legevakt.

Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. mai 2023 09:44
Måndag i 18-tida fekk politiet melding om ein mann det lukta alkohol av, hadde sett seg bak rattet på ein bil og køyrd frå staden.
– Bilen køyrde via Os sentrum, patruljen fann den igjen utanfor bustaden til bilførar, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Bilførar, ein mann i 30-åra, blåste til over lovleg verdi, og blei tatt med til legevakt for blodprøve.
– Det er foreløpig ikkje tatt beslag i førarkort, då vi mistenker at promillen var låg.
Sak er oppretta.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.