Sport | 02. sep. 2019

Fekk tøff motstand i Sogndal

– Vi kunne fint fått med oss poeng frå denne kampen, meiner Endre Brenne.

Fekk tøff motstand i Sogndal
I vår (bildet) skåra Ndour to på Os, i dag sette han inn 2-0-målet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. sep. 2019 19:03

På Kuventræ i vår leia Os to gongar, men tapte 2-3 etter to mål av Alioune Ndour.

I dag punkterte Ndour kampen i 83. minutt, men han var ikkje den einaste frå A-laget Os hadde å bryna seg på.

– Dei stilte sterkt, med åtte spelarar frå A-stallen, men vi var fullt på høgde med dei i store delar av kampen, og kunne fint tatt med oss eit poeng heim i dag, meiner Os-trenar Endre Brenne.

Sogndal 2 - Os 2-0 (1-0)
Os: Chris Sunde Midtun - Anders Havsgård (Kristoffer Røttingen), Vegard Strønen Skeie, Torgeir Lunde, Andreas Støle-Hansen - Rune Mo, Rafael Villén (Jonas Hovland), Steffen Kvamsdal (Henrik Tysse Sperrevik)- Espen Haraldseid (Frode Storebø), Roger Ekeland og Stian Dyngeland.
Gule kort: Vegard Skeie og Rune Mo

Os hamna under i 6. minutt etter eit uhell med ein støttepasning som blei snappa opp av Sogndal-angriparane.

– Men vi hadde nok av sjansar til å utlikna, og spelte bra, spesielt før pause.

Brenne reiste til Sogndal utan kaptein Mikkelsen og spissen Moldskred, men hadde med seg blant anna alle dei tre nye spelarane. Stian Dyngeland, som var nær skåring i debuten heime førre måndag, hadde skot på innsida av stolpen og burde i tillegg, ifølgje Brenne, fått straffe etter å ha blitt «rent ned» av Sogndal-keeperen.

Dyngeland hadde òg ei skåring som blei annulert for offside, som video i etterkant viser ikkje var offside.

– I andre omgang jaga vi mål, men opna oss samtidig litt for kontringar, fortel Os-trenaren som forklaring på 2-0-målet.

Gunstige resultat i andre kampar

Sogndal 2 klatra forbi Os på tabellen med dagens siger. Os ligg no på 10. plass, 3 poeng bak både Sogndal 2 og Brann 2.

I helga var det fleire resultat nedst på tabellen som gjekk Os sin veg, både Vestfossen på 12. plass og Fjøra på 11. plass tapte og ligg 5 og 6 poeng bak Os.

Laurdag (klokka 16) tar Os imot botnlaget Valdres på Kuventræ.

Sjå tabell og terminliste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.