Lokal | 31. aug. 2009

Fekk toppscore

Osingane Lukasz Brekke og Børge Brekke klarte seg bra i NM i kokekunst, men nådde ikkje opp på topp 6 i finalen. - Eg fekk toppscore på desserten, det er eg nøgd med, seier Lukasz.

Fekk toppscore
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. aug. 2009 10:15


I førre veke gjekk Den norske matfestivalen a stabelen i Ålesund. Torsdag starta NM i kokekunst, som del av arrangementet, og dei to osingane som var blant dei 12 finalistane synes sjølv at det gjekk bra.

- Vi heldt tida og maten smakte bra. Men nivået blir berre høgare og høgare for kvart år som går, seier Børge Brekke, kjøkkensjef på Bjørnefjorden Gjestetun.

God dessert - øydelagt frys
Børge har vore med to gongar tidlegare. Også då hamna han blant dei seks som fekk delt 7. plass. Det gjorde også Lukasz Brekke. (Berre topp 6 fpr plassering).

- Eg fekk toppscore på desserten, men trekk på hovudretten og trekk på forretten. Ein litt for stiv postei og litt for mykje kvitlauksmak på kyllingen var årsaka, fortel Lukasz.

Ein øydelagt frys gjorde at Børge ikkje fekk vist desserten sin like godt fram.

- Det var noko gale med frysaren, så temperaturen på isen vår var berre -0,4 gradar då vi tok den fram for å laga dessert. Det som skulle anrettast til å sjå ut som ein sopp såg i staden ut som ein soppsaus.

Medbrakt
Nokre av deltakarane hadde med eigen frys. Andre hadde med seg meir ferdige råvarer enn kva førstereisgut Lukasz visste var lov.

- Eg fekk alle råvarene mine på staden, medan andre kom med full hengar med klar mat. Det var tydeleg at nokre av dei som har vore med før veit akkurat kvar grensa går for kva som er lov, fortel Lukasz.

Begge syntes likevel det var veldig kjekt å vera med, og kjem til å prøva å ta seg til finalen fleire gongar.

God trening
Lukasz jobba døgnet rundt i heile sommar og Børge tok tidleg ferie for å bruka all tid på jobb og trening i innspurten før NM.

- Det var veldig kjekt å vera med igjen, men det krev mykje førebuing, så no er det godt at det er over, seier Børge.

Alle deltakarane har med seg ein assistent, og Børge hadde med seg lærling frå Bjørnefjorden Gjestetun, Christer Stenhaug Karlsen, også han frå Os.

- Det har vore veldig positivt, og kjekt å sjå kor han har utvikla seg medan vi har trent. Kanskje kjem Christer òg til å delta med tida, seier kjøkkensjefen.

- Kva med rettane du deltok med, hamnar dei på menyen på gjestetunet?

- Det er tidkrevjande rettar, men hovudretten har vi på den eine festmenyen vår, og desserten kjem eg kanskje til å laga ved enkelte høve, seier Børge Brekke.

Hallvard Ellingsen frå Sortland vann NM. han jobbar på Kulinarisk Akademi i Oslo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.