Fekk tre prikkar etter forbikøyring
Politi i sivil stoppa bilist som kryssa sperrelinjer.
Onsdag i 22-tida stoppa politiet ein bilist etter ei forbikøyring på Byvegen ved Kiwi.
– Bilen kryssa sperrelinjene då den køyrde forbi Kystbussen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Bilførar fekk forelegg på 4.100 kroner og tre prikkar på førarkortet.
Lastebil mista steinar
I 15.30-tida i går fekk politiet melding om lastebil som mista steinar.
– Dette var på fylkesveg 137 mellom Lønningsdal og Hegglandsdalen barneskule.
– Det låg små og større steinar i vegbanen, men lastebilen fann vi ikkje.
Kontrollerte 100 bilar på E39
Tidlegare på dagen, frå klokka 13 til 15, hadde politiet trafikkontroll på E39 ved Storestraumen og Hjellemarka.
I alt 100 bilar blei kontrollert, éin av dei blei avskilta grunna tekniske manglar. Feil på lys og delvis knust frontrute var årsaka.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.