Fekk tre veker med arbeid på éin dag
– Vi merker at folk skal ha sommarferien i båt.

Os Marineservice AS (tidlegare TN Motorservice) har hektiske dagar på båtverkstaden på Halhjem.
– No handlar det om å få flest mogleg klar for sommarferien. Det har gått i eitt i vekesvis for å redusera ventetida, seier Morten Tøsdal.
Innimellom bestilte serviceoppdrag har det vore rom for å hjelpa folk med driftsstans, som har høg prioritet.
– Vi veit sjølv kor frustrerande det er med ein båt som ikkje virker. Vi har òg klart å ta enkelte småoppdrag innimellom dei større. No har vi òg fått unna dei fleste serviceoppdraga, så ventetida er redusert frå tre til to veker.
Ny butikk og nytt delelager
I fjor fortalte verkstaden om tredobla storleik på verkstad. Omsetnaden auka frå 5,8 til rundt 7,5 millionar frå 2018 til 2019.
– Vi ligg framfor fjoråret no òg, nær 5 millionar allereie, seier Tøsdal.
Fleire firmakundar var med på å gi bedrifta ein god start på året.
– Heldigvis har vi fått utvida areal dei siste åra. Nytt i år er at vi har selt sykkel-VM-skuret som butikken var i, og fått innreidd den minste verkstaden til butikk, kontor, pauserom og eit større, ryddig lager.
– No har vi eit betre utval, frå elektronikk/navigasjon til slitedelar. Vi har allereie selt to paller med båtbatteri, og vi har utvida til òg å bli godkjente gassmontørar.
76 ubesvarte anrop
– Korleis opplevde de den første delen av koronaperioden?
– Då hadde vi så mange pågåande prosjekt at vi knapt rakk å registrera noko. Einaste vi merkte var at det var éin kunde som ikkje fekk til det praktiske med å henta båten.
Så kom regjeringa og fortalte at folk kunne sikta seg inn på ein sommar i heimlandet.
- Les òg: Frå kristestemning til rekordsal hos Askeladden (mai 2020)
– Telefonen sto ikkje stille første dag etter påsken, det kom inn tre veker med oppdrag denne dagen. Den eine ettermiddagen måtte eg telja, då kom eg til 76 ubesvarte anrop.
– Heldigvis har vi ein stabil stab med tre tilsette, i tillegg til to erfarne karar som er med når dei har friperiode i annan jobb.
Slipp og sesong
Anlegget har tre slippar. Desse er i flittig bruk, men i periodar ledige i helgene.
– Det er mange nevenyttige båtfolk som vil spyla og bunnsmøra sjølv, og som spør om ledig slipp. Utfordringa er at vi ikkje kan gi klart svar kor tid den er ledig, før helga er der.
– I tida som kjem blir nok slippen berre for utleige utanom høgsesong, frå hausten til ut mars.
Før sommaren set inn for fullt har Tøsdal ei lita anbefaling til båtfolket.
– Mens du bruker båten, og på tampen av ferien, legg ein plan for neste sesong. For det første er det sunnast for motoren om du tar service FØR eventuell vinterlagring, for det andre er det godt å ha eventuelle reparasjonar gjennomført tidleg i sesongen. Så er du klar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.