Lokal | 27. aug. 2015

Fekk tropefisk i Blindasundet

Då John Lepsøy trakk sildagarnet fullt av makrell torsdag, fekk han seg ei tropisk overrasking på kjøpet.

Fekk tropefisk i Blindasundet
Denne fisken, som John Lepsøy og Midtsiden-redaksjonen trur er ei Mulle fekk Lepsøy på garn i Blindasundet torsdag morgon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 27. aug. 2015 11:16

Hobbyfiskar John Lepsøy rodde torsdag morgon ut for å trekke garna han hadde sett i området ved Blindasundet.

– På sildagarnet var det mykje makrell. Du veit, den skremmer bort det meste andre, men denne krabaten her let seg ikkje skremma. Veit du kva det kan vera, undra John då han kom oppom Midtsiden sitt kontor torsdag formiddag.

Fisken hadde han fått i Storumshølen, kor han hadde sett garnet.

Skiftar farge frå dag til natt

Etter litt leiting på internettet blei John og redaksjonen einige om at det må vera ein variant av Muller.

På Wikipedia fann vi nemleg bilete av den og kunne lesa: «Muller er en familie av saltvannsfisker som hovedsakelig lever på grunt vann i tropiske områder. De har en spoleformet kropp med sterke farger. Fargene skifter mellom dag og natt. På haken sitter et par lange skjeggtråder som er utstyrt med smaksorganer. Disse bruker mullene når de leter etter føde på bunnen.

Mulle (Mullus surmuletus) lever i Middelhavet, Svartehavet og i Atlanterhavet fra Kanariøyene og Madeira til den sørlige Nordsjøen. Om sommeren hender det at den blir funnet langs norskekysten fra svenskegrensen til Bergen. Om dagen er mullen rød med langsgående gule striper og en svart stripe fra øyet til halefinnen, men om natta er den marmorert med røde og hvite flekker.»

Muller skal vera ein svært velsmakande fisk og har vore ein ettertrakta matfisk heilt frå romertida.

Berga middagen

I tillegg til sildagarnet hadde John satt trollgarn litt lengre ute i fjorden.

– Der blei det ein torsk på meg, så då berga eg middagen som eg hadde planlagt. I tillegg fekk eg meg ei overrasking der òg. Nederst på garnet satt det ei skate. Det har eg berre høyrd om at andre har fått, så det var ei kjekk oppleving å få ei sjølv òg, avsluttar den spreke fiskaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.