Saman med fire fem torskar og ein haug med brennmanetar fekk John Lepsøy ein meir uvanleg skapning i båten då han drog garn ved Ferstadneset fredag.
- Eg måtte søkje på nettet då eg kom heim.
- Truleg er det ein St. Petersfisk, fortel den ivrige hobbyfiskaren.
Lepsøy hadde satt garnet på omlag fem favnars (10 meter) djup då han fekk den uvanlege fangsten. Også tidlegare i juli blei eit eksemplar av arten teke opp då far og son Sund tok ein på garn ved Flokneset i Askvoll.
St. Petersfisken
St. Petersfisk er ein art som ikkje så ofte blir fanga i norske farvatn. Den er ein kystnær fisk som fins langs vestkysten av Afrika, nordover langs vestkysten av Europa, i Middelhavet og aust til Svartehavet. I Noreg er den ikkje observert lengre nord enn til Trøndelag. Den òg utbredt i kystnære områder i Søraust-Asia.
Kroppen er flattrykt frå sidane og ryggfinna er svært høyreist med pigger. Hovudet er kraftig med ein stor kjeve som raskt kan åpnast slik at byttedyr blir sugd inn i eit fremskutt gap. Fargen går i nyansar av brunt, olivengrønt, gult og grått.
St. Petersfisk blir vanlegvis ikkje meir enn 70 cm. Dei største og eldste eksemplara kan bli opp mot 8 kg. og oppnå ein alder på 12 år. Arten tilhøyrer sin eigen «St. Petersfiskfamilie» og fins i ulike vannlag; frå 5 meter og ned til over 350 meters djup.
(kjelde: fiskeslag.com)