Kultur | 28. feb. 2013

Fekk vist videoen på VG Nett

Ein time før Idol-sendinga starta viste VG Nett i går ein forsmak på musikkvideoen Eirik Søfteland sitt band KingCalling spelte inn i Lidl-lageret i Os i helga.

Fekk vist videoen på VG Nett
Under innspelinga av videoen i lageret i Ådnadalen fredag og laurdag 22. og 23. februar. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. feb. 2013 09:37

Ved sidan av å vera Idol-deltakar, og no på topp 10, er Eirik Søfteland aktiv i tre band.

Eit av dei, KingCalling, debuterte med fullt hus på Bar2Be i desember 2010, og har seinare spelt både å Søfteland Rock N LOL og kome til finalen i Emergenza.

Les òg: Meiner alvor og Mestermøte på Bar2Be

I helga fekk dei spelt inn musikkvideo i det gigantiske tomme lageret Lidl bygde i Ådnadalen.

VG ville visa

Varde Film og Media står for produksjonen, og heiv seg raskt rundt då VG Nett viste interesse for å visa ein forsmak før gårsdagens semifinale i Idol.

I 19-tida publiserte VG.no ein artikkel der dei blant anna fortel om Eirik si fortid med rølpebandet Bjørn Hellfuck (som tidleg i karrieren hadde mange fans i Os), men der dei også viser ein teaser på videoen til låta "Shadow Throne" frå EP-en KingCalling gav ut i haust.

I mellomtida har trommespelar Giuliano LoMonaco blitt skifta ut med Kjetil Osablod Grønvigh. Øvrige bandmedlemmar er Espen Austestad (gitar), Morten Torkildesen (gitar), Leif Herland (bass) og Eirik, som var ein av dei to som gjekk vidare i går kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.