Fem båtar henta i fleire delar
Plast- og trerestar plukka opp av fire dykkarar frå Samba Marin.


Bildeserie:
Fredag gav Bjørnafjorden kommune grønt lys for å henta opp fem forliste båtar som har lagt i Os-skjergarden i fleire månadar.
Laurdag var Samba Marin på oppdrag med MS Fox Tørres.
– Det gjekk ganske greit, seier Lasse Nyberg.
Han var skipper på Fox Tørres i går og hadde med seg dykkarleiar Morgan Thoresen. Dykkarlaget på fire fekk litt å henga fingrane i.

– Det var flest trebåtar, og nokre av dei hadde smuldra godt opp. Spesielt i Varga. Dykkarane samla det som lausna i buntar for nye hv med kranen.
Den eine båten måtte plukkast opp i 6-7 eksta-hiv.

Operasjonen starta på Hatvik, der dei tok opp ein gamal plastbåt som gjekk ned mens den i september låg fortøydd i ein stein bak busskuret på ferjekaien.
Så var det til Sandholmane for å plukka opp den største, ein båt som gjekk ned i januar. Vidare blei éin båt på Moldaneset og to i Vargavågen løfta opp på dekk før retur til basen i Øyane.
Søndag morgon blei siste reis for dei fem vraka, som i dag blei levert på Hanøytangen.
Sjå fleire bilde under (bildeseriar på Midtsiden er berre synlege for pålogga abonnentar)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.