Fotball | 14. nov. 2020

Åtte frå Osbygda i nytt kretsuttak

Tre av dei er frå Nore Neset idrettslag.

Åtte frå Osbygda i nytt kretsuttak
F.v.: Fredrik S. Skeie, Magnus Spangelo Haga og Lucas Eide Døsen. (Foto: Martin Eidsvik, Nore Neset il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. nov. 2020 09:38

Uttak til kretslag og skyggekretslag for gutar og jenter fødde i 2006 og 2007 i Hordaland fotballkrets er gjennomført.

For årsklassen 2007 har det vore gjennomført kampar mellom lag i kretsgruppene, og spelarutviklarane Daniel Andreassen og Petter Johan Pettersen skriv at det har vore høg kvalitet og ikkje enkelt å ta ut gruppene.

– Mange flinke spelarar har ikkje kome med i denne omgangen, men det er berre til å stå på vidare. Det blir gjort mykje godt, systematisk arbeid ute i klubbane.

I 2006-årgangen er det gjort nokre utskiftingar.

Det blir no trening kvar veke gjennom vinteren, og denne veka kom dei i gang i Vestlandshallen, jentene om måndagen, gutane om tysdagen.

Åtte frå Osbygda

Det er éi jente og sju gutar frå klubbane i Os i uttaket. Einaste jente er Linnea Sælen frå Os (kretslaget for 2006-årgangen).

Tre av gutane er frå Nore Neset.

Magnus Spangelo Haga har fått plass på kretslaget (2006), Fredrik Strønen Skeie (2007) og Lucas Eide Døsen (2007) har fått plass på skyggekretslaget.

– Vi har dei siste åra sett fokus på å bygga eit idrettslag tufta på fagleg kompetanse. Det er særs gledelig at nokre av våre unge spelarar også vert lagt merke til utanfor klubben, skriv dagleg leiar Eirik André Hesthamar på idrettslaget si Facebook-side.

Alle dei tre frå Nore Neset har eldre søsken som har utmerkt seg;

  • Magnus er bror til Øygarden-spelar Knut Spangelo Haga (22)
  • Lucas er bror til Celina Eide Døsen frå «superjentelaget», 2003-årgangen til Nore Neset
  • Fredrik er bror til Thale frå same 2003-årgang og Vegard Strønen Skeie (20) som no er leigd ut frå Brann til Øygarden.

Frå Os har Per Færevåg (2007), Alexander Smedegård (2006) og Benjamin Engevik (2006) fått plass på skyggekretslaget.

Benjamin har vakse opp i Lysekloster, men har dei siste åra spelt i 1. divisjon for Os sin eitt år eldre årgang.

Henrik Berge, som har gått frå Os til Brann, er tatt ut på kretslaget for 2006 saman med Magnus Spangelo Haga.

Sjå alle uttaka på fotball.no

Fleire frå 2006-årgangen har blitt skifta ut frå i fjor til i år, men Benjamin Engevik (t.h.) er med vidare. (Foto: KVB)
Fleire frå 2006-årgangen har blitt skifta ut frå i fjor til i år, men Benjamin Engevik (t.h.) er med vidare. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.