midtsiden

Fem innslag til fylkesmønstring

UKM 2011: Frå rock og ballett til magi og kornett, juryen fekk ein tøff jobb i Fjellheim i kveld.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag gjekk årets lokale fylkesmønstring av stabelen. I fjor stilte 34 deltakarar med til saman 14 innslag, i dag var rundt 80 deltakarar på scenen med 23 innslag.

- Det var heilt overveldande, både med delting, nivå, publikum og teknisk gjennomføring, seier Ellen Merete Lyssand frå Allaktivitetshuset.

SJÅ VIDEO FRÅ MØNSTRINGA

Med representantar frå Os Rockeklubb som scenepersonell, Andreas Lekven frå Lyd og Lysproduksjoner bak spakane og kultursjef Lisbeth Axelsen som konfransier gjekk alt på skjener.

Rocka opning
Etter ein roleg og stemningsfull start med song av Anette Koldal og Oda Hjelle Skorpen kom ein serie av gode rockeband gjennom første halvdel av programmet.

- Sidan vi hadde rigga utstyr til lydprøvar tidlegare i dag starta vi med banda, for så å rigga ned i pausen og gjera klar for dans og teater, forklarar Lyssand.

Følg oss på Facebook, der har vi lagt ut fleire bilde frå mønstringa.

- Det er tydeleg at det gror godt i musikkbingen, det skal bli bra å få ein binge til, sa Axelsen.

Fleire av rockebanda er ganske nystarta, men spelte godt nok til at juryen sat med flettene rett ut.

Jazz, magi og dans
Etter pausen fekk vi sjå både rap, trylling, ballett og teater.

Dei unge medlemmane i teatergruppa i Lysefjorden ungdomslag viste kappgang-tikken frå gymtime, «Nakkeknekkeren» og dei morosame skulelysa som prøvde å bli med i cheerleader-gjengen.

Juryen, som besto av Glenn Erik Haugland, Olga Bjørge og Sarah Vindenes, fekk ein tøff jobb, men valte til slutt å senda desse innslaga vidare til fylkesmønstringa:

• Anette Koldal og Håkon Sørstrønen Skarding med «The way I loved you»

• Ondt i Hodet (Edvard Moe Haugland, Knut Anders Stokke, Sindre Roald og Sondre Brunvoll) med «Victim of the fallen angel»

• Richard Myhre Gåssand med «There she goes»

• Bård Leganger Landro på kornett med «Fly me to the moon»

• Danseelevar frå Os kulturskule (Aurora Aksnes, Camilla Haugland Lyssand, Hannah Skaar, Julie Roman, Kristianna Moberg Lekven, Margit Lerum Hilland, Synneve Garlid, Maria Alejandra Lund, Sara Marron Harild, Rikke Nordstrand Nilsen og Marita Sperrevik) med «Ghost»

Desse kan sjå fram til å delta på fylkesmønstring i Grieghallen (Peer Gynt-salen) laurdag og sundag 2. og 3. april.

Fleire saker