Fem personar evakuerte i branntillaup
Smultgryte blei tatt ut av hus før brannen spreidde seg.

Klokka 18.52 rykta brannvesenet ut på melding om brann i ein bustad på Reset på Søre Neset.
Fem personar blei ifølgje BT evakuerte frå huset.
110-sentralen melder at brannen var i ei smultgryte.
– Brannvesenet tok gryta ut av huset før brannen spreidde seg til bustaden.
Ingen personar blei skadd i brannen. Brannvesenet hjelper til å ventilera huset for røyk.
– Det var ingen opne flammar, men ein del steikeos i huset då vi kom fram, seier innsatsleiar Martin Austgulen Svendsen til Midtsiden.
Ein del smult hadde spreidd seg til veggar og tak. Det er uvisst om dei som bur i huset treng ein annan stad å sova påskeaftan.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.