Sport | 01. sep. 2019

Fem tips til ein sunn og sprek haust

Her kjem 5 tips til ei god helse som er verd å ta med seg inn i haustmørket.

Fem tips til ein sunn og sprek haust
Torill Bakke kjem i dag med fem gode tips til hausttreninga. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 01. sep. 2019 18:44

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

• Førre artikkel: Sommartrening med strikk

Beveg kroppen din kvar dag. Gå minst 10.000 skritt dagleg.

Visste du at dei fleste mobilar har skrittloggingsfunksjon? Bruk den, eller bruk ei aktivitetsklokke om du har det.

Tren to til fire gongar kvar veke. Tren både kondisjon og styrke, og tren med så god intensitet at du blir både svett og sliten. Deretter nyt du godkjensla etter treningsøkta, den er alltid vel verd ei hard treningsøkt i forkant.

La kvardagsmaten din vera sunn, grov og god. Gjer det enkelt, et næringsrik mat som du likar. Ha fokus på alt det gode du kan eta istadenfor kva du ikkje bør eta, og nyt laurdag éin dag i veka.

Drikk vatn som trøstedrikk, få i deg dine «fem om dagen» av frukt og grønt og et fisk to gonger i veka. Hugs også å ta tilskot av vitamin D i alle månadar med «R» i namnet.

Syt for å få nok søvn. Her er det individuelle skilnadar, men som vaksen treng du om lag sju til åtte timar søvn kvar natt.

Nøkkelen til suksess er planlegging, fokus og kontinuitet.

Gjer det enkelt. Sett deg små mål, lag deg gode vanar i kvardagen og gjennomfør dei over tid. Gevinsten av dette blir ein velfungerande og frisk kropp, som har godt med energi og overskot langt utover hausten.

Lykke til! Hausten blir bra!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kosthaldsvegleiar
@torillbakke



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.