Lokal | 21. mars 2018

Fem utforkøyringar på same stad

Ole Bulls veg/Søvikåsen: – Vi har halde på her i fire timar no, seier Eivind frå Bergen Bilhjelp.

Fem utforkøyringar på same stad
Dette er den femte bilen som har køyrd utfor Ole Bulls veg i ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. mars 2018 19:36

Bildeserie:

– Vi har halde på med berging på same stad i fire timar no, seier Eivind frå NAF. (Foto: KVB)
– Vi har halde på med berging på same stad i fire timar no, seier Eivind frå NAF. (Foto: KVB)
Bilførarane kan skulda på dårleg føre, men ikkje på dårleg brøyting. (Foto: KVB)
Bilførarane kan skulda på dårleg føre, men ikkje på dårleg brøyting. (Foto: KVB)
Firehjulstrekk er ikkje godt nok når dekka ikkje har grep. (Foto: KVB)
Firehjulstrekk er ikkje godt nok når dekka ikkje har grep. (Foto: KVB)
Eivind og Kristian har ein travel ettermiddag. (Foto: KVB)
Eivind og Kristian har ein travel ettermiddag. (Foto: KVB)
1 av 4

Onsdag klokka 17.38 fortalte politiet om utforkøyring på Ole Bulls veg over Søvikåsen. Ingen blei skadd i utforkøyringa, som viser seg å vera ei av fleire denne ettermiddagen.

– Vi har halde på her i fire timar. No ligg det nok ein bil i grøfta som vi skal opp og ta, seier Eivind frå Bergen Bilhjelp AS.

– Eg kan ikkje forstå kva folk skal over Søvikåsen etter når det er vanskeleg føre, éin etter éin hamnar utfor.

God brøyting - dårleg føre

Eivind køyrer for NAF, kollegaen Kristian Holck frå same firma køyrer for Falck. Mens dei sto på staden stoppa dei fleire bilar som ville over den ulykkesutsette vegen.

Det har vore nullføre på sidevegane etter at det i ettermiddag byrja å dala ned våt snø. Men det var ikkje dårleg brøytt på ulykkesstaden, vegen var «støvsugd» då Midtsiden var på plassen.

Far og born på vippen for fem veker sida

Sist det var tilsvarande føre, 16. februar, hamna ein bil heilt på vippen til å rulla rundt. Om bord var ein far og to born.

• Les òg: Burde vore sikra med autovern

Bilførar meiner vegen burde vore sikra betre.

– Det er lett å ha den oppfattinga etter at det nett har vore ei ulykke der. Men vi må hugsa på at dette er omkøyringsveg, folk kan velja å køyra ein annan veg, svara kommunalsjef Aina Tjosås.

«Kaos» på Fanafjellet

Også over Fanafjellet har det vore vanskeleg føre i ettermiddag.

«IKKE prøv dere opp uten å være GODT skodd!! Komplett kaos nå. Brøytebiler står ved Fana kirke og legger på kjettinger!!» er ei av meldingane på Facebook-sida Trafikkmeldinger Fanafjell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.