«Feriebilen» tok fyr
– Eg brukte lang tid på å finna bil, og kjøpte denne for to veker sidan, fortviler eigar.
Tysdag klokka 09.18 rykte brannvesen og politi ut på melding om bilbrann på Storum.
Ein VW Caravelle hadde byrja å brenna. Det var ikkje fare for spreiing til bygningar, men bilen sto parkert ved sidan av ein båt på hengar.
– Flammane sto ut av motorrommet og ut av hjulbogane då vi kom fram, men det gjekk ikkje lang tid å sløkka brannen, seier utrykkingsleiar Gitle Smaadal.
Nykjøpt bruktbil
Bileigar fortel at bilen sto og gjekk då han gjekk inn i huset for å henta nokre klede. Då han kom ut igjen såg han røyken.
– Først trudde eg det var dieselvarmaren, men så såg eg at det var noko meir. Eg sprang opp for å sløkka motoren, men den var allereie av. Eg tok av tenninga og henta sløkkeutstyr som eg brukte fram til brannvesenet var her.
Ingen blei skadd, men motorrommet er utbrent.
– Eg kjøpte bilen for to veker sidan, etter å ha sett på bil i lang tid. Denne var den teknisk beste bruktbilen eg fann, og den var EU-godkjent i januar.
– Vi hadde tenkt å bruka den til ein ferietur i Europa til sommaren, fortviler bileigar.