Lokal | 30. mai 2019

Ferje fekk tau i propellen

Os brannvesen stilte med sag: MF «Selbjørnsfjord» var ute av drift i fem timar.

Ferje fekk tau i propellen
Dette tauet og ei lastestropp hadde vikla seg rundt propellen på ferja mellom Halhjem og Våge.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. mai 2019 07:18

Bildeserie:

Selbjørnsfjord var ute av drift frå 14.40 til 19.40.
Selbjørnsfjord var ute av drift frå 14.40 til 19.40.
I februar blei ein fritidsbåt skadd av dette plastrøret. (Foto: Oddmund Lunde)
I februar blei ein fritidsbåt skadd av dette plastrøret. (Foto: Oddmund Lunde)
I går var det tau og lastestropp som skapte problem.
I går var det tau og lastestropp som skapte problem.
1 av 3
Selbjørnsfjord var ute av drift frå 14.40 til 19.40.
I februar blei ein fritidsbåt skadd av dette plastrøret. (Foto: Oddmund Lunde)
I går var det tau og lastestropp som skapte problem.

Onsdag klokka 14.37 kansellerte FosenNamsos alle avgangar med MF «Selbjørnsfjord» mellom Halhjem og Våge grunna tekniske problem.

Problemet var tau i propellen.

– Det var eit tjukt tau og ei lastestropp som hadde tvinna seg rundt propellen, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Os brannvesen stilte med sag og fekk fjerna tau og lastestropp før klokka 18.

Ferja var i drift igjen frå Halhjem klokka 19.40 på ein dag der trafikken normalt er høg grunna kristi himmelfartsdag torsdag.

Vanleg trugsel

Ferjetrafikken har vore truga av drivgods ei rekkje gangar. I 2016 låg ei heil brygge på rek, to gongar på éi veke i januar 2017 var brannvesenet ute og fjerna drivgods og tau i innseglinga til Halhjem.

Den same veka måtte dei kutta ting laus eit plastrør propellen på Tysnesferja.

Hausten 2018 skapte hummarteiner fare for ferjetrafikken, i februar i år gjorde eit langt, flytande plastrør skade på ein fritidsbåt utanfor Halhjem (sjå bilde i serien over).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.