Lokal | 17. jan. 2019

Ferje på vent på Vedholmen igjen

Kaien gjorde nytte for seg i ei årrekkje. Over ti år seinare er ny kunde på plass.

Ferje på vent på Vedholmen igjen
Dei siste nettene har MF Marstein lagt til kai på Vedholmen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. jan. 2019 14:45

HSD/Tide var fast kunde hos familien Vedholm i ei årrekkje fram til Fjord1 i 2007 overtok sambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Etter dette har det vore meir ope i sundet mellom Sundøy og Vedholmen, som for lengst er fylt igjen og innlemma i Bruarøya. Butikkbygget er for lengst rive, og familien Vedholm har bygd rorbuer på delar av kaien.

– Vi synest det har vore greit med tom kai, og har ikkje stressa med å få på plass ny leigetakar, seier Janicke Vedholm.

Men etter at Torghatten Nord AS overtok sambandet 1. januar i år, blei det behov for liggekai igjen.

– Kort periode

Dei siste nettene har 87 meter lange MF Marstein lagt til kai i Øyane.

Torghatten Nord har slite med kanselleringar, over 100 til no, noko dei har får bøter i millionklassen for. Ingen av dei fem nye ferjene er ferdig bygd, dei første to er venta først i februar.

Marstein er saman med Bastø 2 og Bastø 3 frå Bastø Fosen med på å driva sambandet, men Marstein ligg altså på pause i Øyane om nettene.

– Vi ønskjer ikkje å ha nokon fast avtale igjen, men sidan det var krise, og sidan det er kortvarig, sa vi ja denne gongen, seier Vedholm.

Torghatten skal bruka kaien i nokre få veker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.