Kultur | 08. apr. 2010

Ferjekontrakt til MDS

Eigarane av MS Midthordland skal driva verneverdig turistferje i Sogn.

Ferjekontrakt til MDS
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. apr. 2010 07:52

Det Midthordlandske Dampskibsselskap AS, som i 2008 kjøpte MS Midthordland, har fått nok ei verneverdig skute å driva.

- Vi har fått kontrakt på å driva ferjeruta Blestrand-Fjærland frå mai ut september. Den 1,5 timar lange ferjeturen er viktig for turistnæringa i området, og Discover Sognefjord AS kom til oss i jakta på ein ny driftar av ruta, fortel Helge Andersen frå MDS.

Freda ferje
Frå år 2000 blei det jobba med å gje MF Skånevik status som verneverdig. Ferja, som blei bygd i 1967, er som «Vikingen», «Bjørnefjord» og «Kinsarvik» bygd for lange, opplevelsesrike turar, utstyrt med blant anna stor utsiktssalong.

Riksantikvaren lytta til fylkeskommunen og Skånevik blei verneverdig. Sidan 2005 er det Ferjelaget Skånivik som har eigd ferja. Fjord 1 har halde ruta i drift dei siste åra, men no er det selskapet frå bjørnefjordsregionen som overtar.

- Discover Sognefjord AS ville ha eit mindre selskap til å drifta ferja, truleg fordi dei ser for seg at vi vil passa betre til å yta den sercvicen dei håpar turistane vil ha. I fjor var for eksempel ikkje kiosken om bord i drift, fortel Andersen.

Til isbre og museum
Målet for reisa frå Balestrand er for mange turistar Bøyabreen og Supphellebreen, to mektige brearmar frå Jostedalsbreen. I tillegg er Norsk Bremuseum, teikna av den internasjonalt kjente arkitekten Sverre Fehn, å finna i bygda Fjærland.

- Sesongen startar så vidt i mai, med éin tur for dagen, medan det er høgsesong frå juni til august og nedtrapping i september.

Ruta hadde i fjor 14.400 reisande mot rundt 20.000 åra før.

- Det var eit litt magert år for turistnæringa etter finanskrisa, så vi håpar på å få opp talet på reisande litt, seier Andersen, som no er i full sving med å skaffa mannskap til ferja og kiosken om bord. Eige mannskap held fram lengre sør, med drift av MS Midthordland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.