Ferjetrøbbel på Våge
Halhjem - Våge kansellert: MF «Selbjørnsfjord» trengte assistanse for ikkje å driva på nokre holmar.
Bildeserie:
Ferja MF «Selbjørnsfjord», som går i rute mellom Halhjem og Våge, fekk problem utanfor Tysnes litt før klokka 18 tysdag kveld.
Passasjerar og vitne fortel til BT.no at det virka som om ferja hadde tekniske problem og at motorane seinare havarerte.
Ifølgje Hovedredningsselskapet hamna ferja på rek og det skal ha vore snakk om ei grunnstøting, men ingen dramatikk. Det var 31 passasjerar om bord.
Redningsselskapet rykte ut og slepte ferja til kai på Våge.
FosenNamsos skriv på sine heimesider at alle avgangar på Halhjem-Våge er kansellert grunna tekniske problem.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.