Lokal | 19. mai 2020

Fersk kommunalsjef har sagt seg opp

Jarle Kvalvik får berre seks månadar i Bjørnafjorden kommune.

Fersk kommunalsjef har sagt seg opp
Jarle Kvalvik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. mai 2020 09:58

Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, Jarle Kvalvik, har fått ny jobb, skriv kommunen på sine heimesider i dag.

I haust blei det kjent at Kvalvik fekk jobben som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune. Han starta i jobben 2. januar, 29. januar presenterte han seg for plan- og bygningsutvalet.

Han blir verande i Bjørnafjorden kommune fram til sommarferien.

Kvalvik blir no driftsdirektør i Statsbygg.

– Dette er ein jobb som eg har ønskt meg, og eg føler meg privilegert no når sjansen blei ein realitet. Denne jobben gir meg moglegheit til å påverke fagområdet mitt på nasjonalt nivå.

– Det er diverre umogleg å føresjå akkurat når jobbar blir ledige, og det er vemodig å forlate desse fantastisk gode kollegaene eg har fått i Bjørnafjorden kommune, seier den avtroppande kommunalsjefen til bjornafjorden.kommune.no.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå Kvalvik.

– Jarle informerte meg måndag om at han har fått tilbod om, og takka ja til, stillinga som driftsdirektør i Statsbygg. Eg er glad på Jarle og Statsbygg sine vegner, og beklager at vi ikkje fekk nytte av Jarle sin kompetanse i lengre tid, seier kommunedirektør i Bjørnafjorden, Christian Fredrik Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.