Kultur | 23. okt. 2009

Fest utan finans

Trass i finanskrise og færre sponsorar utvidar WT-festivalen til ei heil veke. Betre sendetid og kanskje endå betre filmar ser ut til å bli resultatet – og stilen er framleis glamorøs!

Fest utan finans
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. okt. 2009 09:36

Bildeserie:

1 av 6

For 11. gong og 10. år på rad blir det arrangert filmfestival i Fjellheim. «Verdas mest sjarmerande filmfestival» er som vanleg gratis, men tronge tider hos fleire av dei tidlegare sponsorane har gjort inntektene til festivalen lågare.

− Tidlegare har vi brukt verdas største online påmeldingssystem for filmfestivalar, Withoutabox, til å koma i kontakt med filmskaparar. Den kostnaden droppa vi i år, så vi får råd til å laga skikkeleg fest, fortel programdirektør Bjørn Terje Bøe.

− Likevel har vi fått bidrag frå 28 land, og på programmet kjem berre tre filmar frå filmskaparar som har kome med bidrag tidlegare, legg han til.

I beste sendetid
Før har festivalen opna onsdag, hatt opningsfest fredag, gallakveld laurdag og blitt avslutta sundag. Hovudårsaka til at festivalen er utvida frå fem til åtte dagar er at arrangørane vil visa fleire filmar etter middagstid, altså frå klokka 18 til 24.

− Vi har sendt mange gode filmar i 15-tida opp gjennom åra, no kan folk gleda seg over godt program kvar kveld, og minst éin «helaftens spelefilm» for kvelden, seier festivalsjef Espen Hjertaas.

− I tillegg får vi no opningsfest på opningsdagen,laurdag 31. oktober, i staden for midt i festivalen, som tidlegare.

Váro, Winsents og «Abbath»
Amerikanaren Marton Váro junior, som har besøkt festivalen tidlegare, kjem i år med kortfilmen «Gentlemen's Agreement».

− Pål Aasdal, som vi hadde to filmar av i fjor, stiller med metal-dokumentaren «Black Metal Pilgrimage», om to kvinnelege, amerikanske blackmetalfans på pilegrimsferd til svartmetallens krybbe Noreg. Klimakset er møtet med Abbath frå Immortal i Lyseklosteruinene, denne er vel verdt å få med seg, seier Bøe.

Pål Winsents har også vore sentral på tidlegare festivalar. I år viser WT Winsents nye film «Værekraft». Winsents kjem også til å vera vertsskap for eit eige opplegg under festivalen, etter visinga av filmen hans.

Eventyr og lemlesting
«Værekraft» går inn i programposten norske dokumentarar, som er ny av året. I denne kategorien får vi også stifta kjennskap med meksikanarar som tek seg ulovleg over grensa til USA i «Jeg venter på deg her» av Jo Moen Bredeveien og Jessica Allande.

− Linda May Kallestein viser oss den grufulle røyndomen i «The Cut», om kjønnslemlesting av jenter. I «Marionettens oppdagelser» blir Bjarte Mørner Tveit, som også kjem til festivalen, gjeven ein kasse gamle heimefilmar frå sin bestefar. Gjennom dokumentasjon av hans eventyrlege liv lærer han bestefaren å kjenna på ein ny måte, fortel Bjørn Terje.

Sogndal på besøk
− Sundagen under festivalen får vi halve Sogndal, inkludert ordførar, på besøk i høve lanseringa av crazykomedien «Tunheim - The Movie» på DVD.

Denne filmen, som hadde premiere i 2002, er den nest mest sette filmen på kino i Sogndal nokosinne, men har aldri vore vist utanfor kommunen. Før no.

− I høve lanseringa av filmen på DVD måtte dei nesten få den sett opp på ein ekte internasjonal filmfestival, seier Bøe nøgd. Heile sundagskvelden 1. november er sett av til gjestane frå Sogndal og filmen deira.

− Eg må også nemna den skotske filmen «Running in Traffic», som tidlegare i år mellom anna blei nominert til tre skotske BAFTA-prisar (den britiske versjonen av Oscar).

Filmen vever ei historie om tap, menneskenatur, og vilkårlege hendingar, og filmskaparane kjem til Os frå Skottland for å presentera filmen.

Pynt og pensjon
WT-festivalen er staseleg, og det har den vore frå start. Men dei siste åra har festivalen fått eit tydeleg preg av «womans touch».

− Gutar kan jo ikkje pynta, seier Elin Søfteland.

For to år sidan blei ho hyra inn til å laga ein dekorasjon som passa årets James Bond-tema, året etter tok det heilt av med sci-fi-dekorasjon av 10.000 isoporkuler.

− Festivalgjengen er kjekt selskap å vera i. I år skal vi laga eventyrstemning i Fjellheim, fortel dekoratøren.

I mellomtida er det ein som prøver å halda fingrane vekke frå arrangør-fatet. Vidar Bratlund Mæland, som saman med Frode Sirevåg i 1999 starta festivalen.

− Vi har gjeve frå oss ansvaret, og eg prøver å oversjå kriblinga etter å vera med. Samstundes veit eg at festivalen er i trygge nevar, og ser fram til å vera publikum for første gong, seier Vidar B. Mæland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.