Lokal | 21. mai 2012

Festa litt lenge

Politiet: • Eit nachspiel som trekte "litt" ut. • Trugslar mot vektar og butikktilsette.

Festa litt lenge
Andris Hamremåndag 21. mai 2012 10:36

Søndag morgon fekk politiet klagar på eit nachspiel på Gudridflaten som trekte litt vel lenge ut på morgonkvisten.

- Naboane hadde nok lyst på å få sova i fred og ikkje ligga og høyra på festen.

- Meldar har opplyst at dei vurderar å melda forholdet, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Truga dei tilsette

Ein person blei kasta ut frå Rema 1000 etter å ha opptredd trugande mot dei som jobbar der.

- Han blei tatt hand om av politiet og kan rekna med å bli meldt.

- I tillegg blei det funne noko narkotika på han då vi undersøkte han, forklarar Sperrevik.

Mannen blei dimittert etter at politiet var ferdig med han.

Også ein vektar på Amfisenteret skal lørdag ha blitt truga av ein ublid besøkande.

Utover dette hadde politiet ein kjøretøykontroll på Ulvenvegen kor 11 bilar blei kontrollerte og funnen i orden, ein person blei gripen i samband med ei våpensak og ein annan med narkotika. Det skal òg ha blitt stole skilt frå ein bil i Varåsgrenda i løpet av helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.