Kultur | 12. mai 2022

Festspillutstilling med Eva Harr

Vedholmen Galleri har vernissasje laurdag.

Festspillutstilling med Eva Harr
«Ventetid» er eitt av måleria Eva Harr stiller ut på Vedholmen Galleri frå laurdag.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. mai 2022 07:25

Årets Festspillutstilling ved Vedholmen Galleri er «Veien hjemover» av Eva Harr.

Kunstnaren sjølv er på plass under vernissasjen laurdag. Manar Alhashemi og Andreas Grønli skal stå for musikk og song.

– Dette er hennar tredje utstilling hos oss, og vi gler oss til gjensynet! Denne gong feirer vi også at Harr er 70 år, og vi er stolte over å få denne utstillinga til Sundøy, seier gallerist Vibeke Harild.

Utstillinga skal stå til 12. juni.

«Slik Eva Harrs bilder fremtrer, inviterer de oss til å gå inn i enkelheten og avklaringen, med fjell, himmel, hus, natur i dunkelt lys, magi og fortryllelse, stillhet og erindring» skriv Harild.

Styrken i bilda til Harr er ikkje berre motiva og elementa ho har malt, men kanskje like mykje det ho ikkje har tatt med, fordi dei vil forstyrra det endelege uttrykket.

– Lyset er det mest interessante. Frå mine mange opphald på atelieret mitt i Lofoten, har himmelen sitt skiftande lys blitt noko av det mest gripande! seier kunstnaren.

– Eg håper at mine tolkingar kan formidla ein lkombinasjon av uventa landskap og forteljande poesi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.