Næringsliv | 21. okt. 2015

Feststemning blant damene

Damenes aften var spekka med borddekking, mat, peptalk på ymse vis, moter og sminke. Ein festaften i mange sine auge.

Feststemning blant damene
Prikken og Osablod fengja damene. (Foto: C.V)
Cathrin Valestrandonsdag 21. okt. 2015 11:32

Bildeserie:

Anne «på landet» Matre fortalde om gjenvinning og dekorering. (Foto: CV)
Anne «på landet» Matre fortalde om gjenvinning og dekorering. (Foto: CV)
Wenche Torgersen Nyborg blei ny med bedrifter i Os sentrum. (Foto: C.V)
Wenche Torgersen Nyborg blei ny med bedrifter i Os sentrum. (Foto: C.V)
Flettemamma Bente fekk utfalda seg. (Foto: CV)
Flettemamma Bente fekk utfalda seg. (Foto: CV)
Fine fletter frå Flettemamamma (Foto: CV)
Fine fletter frå Flettemamamma (Foto: CV)
Publikum beundra dei forseggjorte flettene frå Bente Helen Schei. (Foto: CV)
Publikum beundra dei forseggjorte flettene frå Bente Helen Schei. (Foto: CV)
Laila Moberg fekk nytt augebryn. (Foto: CV)
Laila Moberg fekk nytt augebryn. (Foto: CV)
Reidun Vasby frå Havnechefen (Engeline). (Foto: CV)
Reidun Vasby frå Havnechefen (Engeline). (Foto: CV)
Damenes aften blei avslutta med moteshow. (Foto: CV)

Klas Færøvik fekk blomar for konferansier-innsatsen. (Foto: CV)
Klas Færøvik fekk blomar for konferansier-innsatsen. (Foto: CV)
1 av 12

Os sentrumsforening stod for arrangementet tysdag kveld i eit Kløvertun fylt til randa av damer i alle aldrar.Tove Tvedt Skarstein i sentrumsforeninga og primus motor for arrangementet var godt nøgd med gjennomføringa då gjestene byrja å trekkja ut.

– Det har vore ein kjempefestleg kveld! Mange fleire ville gjerne vore med, men eg tykkjer vi har hatt ein fin kveld med fullt hus , sa Tvedt Skarstein.

– Det var fleire tilreisande, noko som jo er ein flott måte å profilera Os sentrum og butikkane våre på, la ho til.

Hjelper medsøstre

– Vi håper overskotet vil bety ein forskjell for våre medsøstre frå Syria som er på flukt. Overskotet, samt inntekta frå kvar fjerde glas med drikke går til ein hjelpeorganisasjon som heiter Saalam , som på norsk tyder fred. Dei vil bruka pengane på informasjonsarbeid mellom kvinnene i ein flykningleir i Bekaadalen i Libanon. Dei vil få informasjon om helse, hygiene og branntryggleik, noko som vil vera med å gjere forholda i leiren betre, avsluttar Skarstein.

Sjølvrealisering og gjenbruk

Programmet starta med eit forrykande foredrag med Barbra Røttingen om sjølvrealisering og motefenomenet å vere lykkeleg, og spela på lag med seg sjølv. Stafettpinnen vart plukka opp av Anne ”på Landet” Matre. Ho driv med alt frå styling av bustader for sal, interiørskule, kursverksemd og blogging. Ho viste fram eit ferdigpynta klubb-bord, der ein kunne hente inspirasjon og idear. Matre er glad i gjenbruk og redesign, og kom med tips og råd i den retninga.

Ny chef ved elva

Reidun Vasby presenterte Havnechefen (tidlegare kjend som Engeline) , som også stilte med nydeleg mat og drikke på arrangementet, og fortalde litt om korleis dei hadde kome i gong og kva tilbod dei har til kundane.

– Vi har kvardagsmat på menyen i vekedagane, og a la carte i helgane. Og vi er veldig glade i å laga fisk. Vi har også byrja med å halda litt kurs for vennegjengar og klubbar som kjem til oss – korleis ein skal laga ein god saus, eller korleis ein skal steika fisken perfekt, sa Vasby som også kunne lokka med heimesteikte brød og kaker på menyen.

Hud og hår

Damene på Kali presenteret seg deretter, både med tenester og tilbod til kundane. Dei hadde forsterka laget med Christin Nergaard som informere litt om microneedling, kanskje det hottaste innan medisisk behandling på skjønnheitsfronten. Dei demonstrerte også det nyaste trikset for å få flotte bryn – ein av dei store trendane no.

Etterpå var det Os Hud og Hår sin tur i rampelyset. Joanna Brekke fortalde litt om siste nytt innan anti-rynkebehandling og party-peel. Ho kunne også lokka med alt frå enkle timar for hår eller hudpleiebehandlingar , til heilheitlege program for velvære.

Flettemamma

Os Libris var den siste verksemda som entra podiet. Dei hadde fått flettemamma Bente Helen Schei på besøk. Saman med fleire hårmodellar kunne ho demonstrera korleis ho laga to forskjellige fletter, og kunne visa fram endå fleire. Schei lever no av fletting.

– I januar sa eg opp den trygge jobben min i statleg barnevern, fordi eg tenkte det er no eller aldri. Og då vart det no. Det aller beste med alt dette er at eg får mykje kvalitetstid saman med borna mine. Og andre sine born, klubbar og andre som er interesserte i fletting, fortel no medan fingrane går som trommestikker og lagar fletter.

Flettebøkene frå Schei har vore på bestselgjarlista sidan lansering, og ho har i tillegg tusenvis av følgjarar på sosiale media, og instruksjonsfilmar på youtube.

På catwalken

Mange har nok lurt på kven som fekk bli ny frå topp til tå med sentrumsbedriftene i spissen.

Wenche Torgersen Nyborg hadde fått den æra, og var styla og kledd opp etter alle kunstens reglar. Ho strålte på alle vis på catwalken. Torgersen Nyborg var også med og viste festantrekk i moteshowet som toppa kvelden. Då fekk klebutikkane i sentrum visa fram kleda sine både til dame og herre. Sko, briller, klokker og smykker, alt dette også frå sentrumsbutikkane, fann sin naturlege plass i moteshowet.

Kvelden vart tråkla saman på meisterlig vis, av ein av dei få hanane i kurven, Klas Færøvik som var kveldens konferansier.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.