Lokal | 02. okt. 2011

Fetrar med flaks

Enkelte var heldige med starten på årets hummarfiske, andre fortel om tomme teiner og stolne teiner.

Fetrar med flaks
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. okt. 2011 17:20

– Det er nokre piratar i aksjon rundt Os, seier John Lepsøy, misnøgd med både fangsten og det at han i dag saknar to av dei seks teinene han sette etter hummaren ved sesongstart laurdag.

– Mine teiner forsvann frå utsida av moloen. Ein annan eg snakka med mista ein teine på innsida av nyemoloen på Mobergsneset, fortel han.

Onkel Otto redda dagen

Brørne Otto, Henrik og Isaac Lekven fiskar også hummar rundt Os, med kvar sine teiner og kvar sine båtar, men med synkronisert utreise frå Lekvenvågen.

I dag hadde Isaac og Henrik med seg sonane Lauritz og Michael, men gutane burde tydelegvis heller gått om bord i båten til onkel Otto.

– Vi fekk ingeting, men onkel fekk desse, fortel Lauritz, og held humrane rundt fetter Michael.

– Vi fekk to til, men dei hadde rogn, så dei blei kasta ut igjen. Det bør alle gjera, oppmoda Otto.

Fleire fine fangstar

Brørne Lekven møtte ein annan fiskar som hadde fått fem humrar, så starten på fisket har ikkje vore dårleg for alle.

Har du ein stor, fin eller rar fangst? Tips Midtsiden på epost til kjetil@midtsiden.no

I fjor var vi med ordførar Terje Søviknes første dag i hummarfisket. Her kan du sjå den fine fansten han fekk.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.