Fetteren tok 15 fjell - Trond Ove Wik la på til alle 18

Er han den første som har gått alle fjella i Os på éin dag?

Trond Ove Wik etter 16 toppar, klar for å avslutta ein lang dag med Lyshorn og Liafjellet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. sep. 2020 21:24

Trond Ove Wik hadde tre dagar med Bitihorn (1.610 moh), Knutshøe (1.517 moh) og Galdhøpiggen (2.469 moh) bak seg då han og fetteren Svein Erik Henne, i slutten av juli, sikta seg inn på å ta vandremerka Jaktfalken og Vandrefalken på ein og same dag.

Trond Ove gav seg etter 12 fjell, Svein Erik tok Høglikampen, Vardafjell og Ulvenfjellet åleine.

I går klokka 07.15 starta han turen opp til Svinningen. Etter knappe 10,5 timar effektiv gange hadde han vore på alle 15 pluss 3 andre fjelltoppar i Os.

Den lange turdagen starta med å vandra gjennom skodde og skylag til det høgaste fjellet i Osbygda.

– At eg måtte gi meg på 12 toppar sist, har hengt over meg. Samtidig hadde vi nokre toppar på eigen heimebane som ikkje var med sist, seier Trond Ove til Midtsiden dagen derpå.

Han og fetteren Svein Erik kjem frå Søfteland. Svein Erik fekk ikkje veta om Trond Ove sin tur i går før den var godt i gang.

– Sist vi gjekk saman sa Svein Erik at han ikkje skulle gjera dette igjen. Han har jo tatt dei ti toppane i Jaktfalken på éin dag før. Då eg sa eg ville prøva meg igjen var det klar tale; «då tar du ikkje fjella på Søfteland»!

– Svein Erik har så voldsomt konkurranseinstinkt at eg måtte jo ta dei òg, seier Trond Ove og ler.

Fetteren og turkameraten har likevel gratulert han med gårsdagens langtur.

53 km og 3.800 høgdemeter

Svein Erik sin tur på 15 toppar resulterte i 50 km og 3.200 høgdemeter på éin dag.

Trond Ove sin tur i går var 52,58 km lang, opp 3862 høgdemeter, i alt 60.600 skritt med eit totalt energiforbruk på 5.453 kaloriar.

Til samanlikning er Styrkeprøven Rett Vest, som Trond Ove tok for tre veker sidan, kring 50 km lang med ei samla stigning på 3.000 høgdemeter.

Turen i tal.

– Sist hadde eg problem med å få i meg mat. Sånn går det om du ventar for lenge. Denne gong åt eg heile vegen, og fekk meg ein god burger midt på dagen, då eg måtte køyra ein sliten hund heim.

Han tok fjella i ganske lik rekkefølge som sist, men med fjella på Søfteland før innimellom, og med fjella i Askvik før Lyshorn og Liafjellet.

Det blei denne rekkefølgja: Sveningen, Søtefjell, Sauskolten, Rindafjell, Midtsæterfjell, Rødsfjell, Møsnuken, Tøsdalsfjellet, Linken, Borgafjellet, Høglikampen, Vardafjell, Ulvenfjellet, Sælafjellet, Nordhordlandskulten, Ørnhaugen, Lyshorn og Liafjellet.

Sist gav han seg før fjella frå Askvik til Ulven, denne gong tok han dei før Søfteland-fjella, som heller ikkje sto på programmet på førre langtur.

17,5 toppar

– Ørnhaugen er ein haug ved Nordhordlandskulten. Det er eit skilt og ein postkasse der, men ikkje merkt løype. Deror seier eg at det blei 17,5 fjell. Lille Lyshorn ser eg på som tilvarande, den knausen var eg ikkje bortom.

– Sist syntest vi stykket frå Midtseterfjellet til Rødsfjellet var tyngst, denne gong gjekk det lettare. Men klatringa opp til Møsnuken etterpå var tøff også denne gong.

Etter tung klatring opp til Møsnuken passa det bra at Rune Walle serverte cola.

– Men der sat ein av sjåførane mine i går, Rune Walle, med ei flaske cola! I tillegg hadde han hausa opp ein venninnegjeng som var der, så eg fekk applaus på toppen!

– Elles var òg fjella på Søfteland litt tøffe. Då var eg trøtt i knea, og gløymde dessutan hodelykta, på ei tid det byrja å bli mørkt.

Turen ned frå fjella på Søfteland blei mørk, og Trond Ove hadde glømt å ta lykta med frå bilen.

Knirkande tur i parken

Men mister Wik gjekk vidare. Han har skildra turen godt på eiga Facebook-side:

«På toppen av Lyshornet var det bare én tanke som slo meg; 1 fjell igjen ... 1 fjell igjen. Det ble en lang vei ned igjen med enda mere knirkende knær. Liafjellet 259 moh ble rett og slett Walk in the park».

Trond Ove takkar Rune Walle, Tor Åge K Hjellvoll og Per-Arild Larsen for god hjelp med enkelte transportetappar i låglandet, så han fekk sin eigen bil på rett stad mellom toppane.

– Det var godt å få fullført, og kroppen kjennest grei ut i dag. Det at eg ikkje var med Svein Erik på dei tre siste toppane sist, var nok greit, men blei ein motivasjon for å fullføra.

– Dei sterke ultraløparane i Opptur Motbakkeklubb, som Erik Werner, Stein Kjetil Hefte, Ole Håkon Sælen og Klas Færøvik imponerer og inspirerer. Eg er ikkje på deira nivå, men då er det kjekt å legga opp til nokre litt spesielle langturar, som den eg hadde i går.

Er Trond Ove den første som har tatt alle 18 fjella i Osbygda på éin dag. (Kart: Suunto)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.