Kultur | 13. des. 2018

Film om Jimmy på kino og NRK

Søndag kan du sjå han i Oseana, i romjula blir dokumentaren om Jimmy Øvredal vist på NRK.

Film om Jimmy på kino og NRK
Jimmy Øvredal har sett sitt preg på stien frå Øvredal til Svinningen. (Skjermbilde frå video, foto: Vidar Langeland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. des. 2018 09:46

Søndag er det tid for årets siste kinodag i Oseana.

Først blir familiefilmen «Julenissens datter» vist, så kjem «Vildmarkens søn», ein dokumentarfilm om lærar, bonde, poet og musikar Jimmy Øvredal frå Os.

«Jimmy brukar både dei kroppslege og åndelege sansane, og tolkar naturen sine teikn kvar einaste dag. Er Jimmy berre ein eksentrikar, eller har han forstått noko vesentleg om korleis menneske og natur heng saman?» står det i filmomtalen.

Dokumentaren er produsert av Elisabeth Kleppe, Frode Fimland har regien. Ifølgje Vildmarkens søn si Facebookside blir filmen vist på NRK 3. juledag.

Tett på-video frå 2016

I videoreportasjeserien «Tett på» fekk Midtsiden ein tur med Jimmy i skog og mark opp mot Svinningen.

Sjå vidoen i ruta under.

Frå heimen sin i Øvredal, der han vaks opp som eineborn, har Jimmy stien til Svinningen som del av sitt eige nærområde. Det er stien til Os' høgaste fjell prega av, med skilt, visdomsord, eit BH-tre og noko brennevin.

Jimmy «Vildmarkens Søn» Øvredal (fødd 1940) speler toradar og har drive med fuglemerking i ei årrekke.

I 2010 fekk han Kongens fortenstmedalje. Medaljen blir delt ut «til lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste».

Les meir om Jimmy:
Vil ha kongen med på jakt
Gratulerer, Jimmy (ei helsing på 70-årsdagen)
Kasta BH-en
På (f)uglemerking med Ragnar Lyssand
Til Heerenveen med Jimmy sin lur

Sjå fleire videoar i Tett på-serien:
Ole Amund Gjersvik
Helle på øyen
Glenn Erik Haugland

Tett på Vildmarkens søn from Midtsiden on Vimeo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.