Filma nesten-kollisjon med hjort

– Vi slapp med skrekken begge to.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. sep. 2019 10:07

(Video: Halfdan Hallseth, fjordproductions.no)

Laurdag morgon var Halfdan Hallseth på veg opp Fanafjellet. Der fekk han seg ein bråstart på dagen.

–Eg sto på fløyta samtidig som eg bremsa det bilen makta. Heldigvis ser det ut som om det skremte hjorten, fortel Halfdan.

Nesten-påkøyrsla blei fanga av fleire kamera på bilen hans. Sjå video i ruta over.

Hjorten gjorde nemleg òg det han kunne for å unngå samanstøyt.

– Den snudde 180 gradar og eg klarte akkurat å unngå å køyra på den.

Åtvarar andre trafikantar

Hallseth seier han ikkje køyrde fort, men at hjorten kom opp frå ein bakke i høg fart, og hoppa ut i vegen.

– Det skjedde veldig brått! Ta det roleg over Fanafjellet, spesielt morgon og kveld! anbefaler han.

• Les òg: Partert hjort låg slengt i grøfta

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.