Kultur | 09. aug. 2016

Filmen han berre måtte laga

Rolv Lyssand Bjørø bruker sommaren og alle sparepengane på filminnspeling.

Filmen han berre måtte laga
Rolv Lyssand Bjørø gjev instruksane før skyting av ein ny scene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 09. aug. 2016 13:21

Bildeserie:

Rolv hadde med seg John Kaare Håvardsholm som innspelingsleiar (foto: AH)
Rolv hadde med seg John Kaare Håvardsholm som innspelingsleiar (foto: AH)
Dyktige skodespelarar fekk utfordra seg (foto: AH)
Dyktige skodespelarar fekk utfordra seg (foto: AH)
Mellom anna i vatnet (foto: AH)
Mellom anna i vatnet (foto: AH)
Lokal ressursar som Varde Ariel blei sjølvsagt nytta (foto: AH)
Lokal ressursar som Varde Ariel blei sjølvsagt nytta (foto: AH)
Delar av crewet klare for eit nytt opptak (foto: AH)
Delar av crewet klare for eit nytt opptak (foto: AH)
1 av 5
Rolv hadde med seg John Kaare Håvardsholm som innspelingsleiar (foto: AH)
Dyktige skodespelarar fekk utfordra seg (foto: AH)
Mellom anna i vatnet (foto: AH)
Lokal ressursar som Varde Ariel blei sjølvsagt nytta (foto: AH)
Delar av crewet klare for eit nytt opptak (foto: AH)

Medan andre var oppteken av Osfest i helga, sprang Rolv Lyssand Bjørø med crewet på slep frå location til location for å skyta scenen til novellefilmen «En annen verden».

– Os er ein fantastisk plass når det kjem til locations. Det slo meg då eg var med å filma videoen til Os-songen førre sommar. I tillegg er folk så greie, dei hjelper til, stiller opp og står på.

– Eg må spesielt få nemne familie og vener som har stilt opp på kva det skal vera. Uten støtte frå dei hadde det ikkje vore mogleg å få til dette prosjektet, fortel Lyssand Bjørø når Midtsiden snakkar med han mellom slaga.

Vann 20.000 kroner

Filmen har Lyssand Bjørø hatt på tapetet i lengre tid, men det har liksom ikkje blitt noko av.

– No kjende eg at eg måtte berre gjera det. Dette er ein film eg har skrive på lenge, og som eg har hatt lyst til å gjera.

– Då eg vann 20.000 kroner i ein minuttfilm-konkurranse i Bergen tidlegare i år bestemte eg meg. For å legga eit ekstra press på meg sjølv så kunngjorde eg innspelinga under prisutdelinga, slik at alle kollegaene mine i det bergenske filmmiljøet skulle vera vitner.

Vil løfta bergensmiljøet

Den bergenske filmbransjen er dyktige og kjende for dokumentarfilmar, men har levert lite innan fiksjon.

– Det hadde eg lyst til å prøva å gjera noko med. Film-Noreg treng eit sterkt bergensmiljø, slår Bjørø Lyssand fast.

«En annen verden» er historia om to vener som hamnar i ein annan dimensjon, og kampen dei kjempar for å halda seg i live.

– Det er ei historie eg har hatt lyst til å fortelja lenge. Det er ein film eg kunne tenkt meg å sjå sjølv.

Solide folk

Med seg på settet har regissøren og produsenten fått nokre av dei beste. John Kaare Håvardsholm, kjend frå KulTour på TV2 sine sendinger frå Tour de France, er innspillingsleiar og Tor Edvin Eliassen som sjefsfotograf.

– John Kaare er mi høgre hand, har overblikket og dirigerar folk dit dei skal vera til einkvar tid når eg stressar rundt og ikkje har heilt oversikten.

– At Tor Edvin har flydd inn og jobba med meg frå morgon til kveld i tre veker sett eg utruleg pris på. Han er truleg ein av noregs flinkaste filmfotografar og har ei enorm tyngde når det gjeld filmfoto. Utan han hadde ikkje denne filmen vore mogleg, seier Lyssand Bjørø.

I tillegg til dei to skryt Bjørø av skodespelarane han hadde med seg.

– Eg har hatt med meg eit dyktig skodespelarensemble, som har gjort ein veldig god jobb.

Klar neste sommar

For det er ein komplisert film, reint produksjonsmessig, Lyssand Bjørø har satt seg fore å laga.

– Det er eindel heftige scener, som er ganske komplisert å få til. Men det var litt det eg hadde lyst til å prøva meg på. Eg håper filmen på mange måter kan bli ein pilot som syner at eg handterer filmhåndverket.

– Når skal filmen vera ferdig?

– Målet er å få den ferdig til Grimstadfestivalen neste sommar. Dette er den største filmfestivalen for kortfilm i Noreg. Klarer eg det og den fell i smak, kan den byrja å leve sitt eige liv på ulike festivaler rundt omkring. Håpet er at eg skal klare å få den A-lista, avslutter Lyssand Bjørø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.